– Eg sto der berre og smilte

Bandet Indigo Child er mellomakta i årets MGPjr, laurdag klokka 19.55.

  04.11.2016 17:57
  Nyheter

Viss du har hatt øyrene opne den siste tida har du heilt sikkert fått med deg at MGPjr går av stabelen i morgon, laurdag 5. november klokka 19.55 på NRK1. Det ikkje alle er klar over, er at også deltakarar frå UKM er med i stor-produksjonen! Mens stemmene vert telt er det nemleg UKMerane John Harman Bratland og Indigo Child som er blant dei som skal underhalde publikum. Ikkje berre er det 7000 i publikum i Oslo Spektrum, men heile showet vert sjølvsagt sendt live på alle landets TV-skjermar.

– Eg hadde akkurat kome ut av dusjen når eg fekk telefonen om at dei ville ha oss med som pauseinnslag på MGPjr. Eg husker ho måtte seie det fire ganger før det faktisk gjekk opp for meg kva ho prøvde å fortelje meg! seier Sunniva Honningsvåg, vokalist og låtskrivar i Indigo Child.

– Eg var eigentleg på jobb og hadde ikkje lov å vere på telefonen. Men når eg kjende at telefonen berre fortsatte å dure i lomma måtte eg ta den opp og sjekke kva som foregjekk. Eg sto der berre å smilte, seier vokalist og låtskrivar Maren Myklebust Holmgren.

Bandet frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane består av Maren Myklebust Holmgren, Martha Pavelich, Johan Raftevold Espelund, Karl Oskar Nyberg og Sunniva Honningsvåg. Sjølv om heimstaden har under tre tusen innbyggjarar er ikkje dei aleine om å representere Nordfjordeid på scena. Dei kjenner nemleg allerede MGPjr-deltakarane Anna og Vilde, som syng ein sang dedikert til vestlandet.

– Alle er veldig samansveisa på Nordfjoreid, så folk gler seg veldig over at vi vert så sterkt representert! Det har jo endt opp med at det kjem nesten tre hundre stykker frå Nordfjordeid for å sjå på oss i Spektrum! seier Sunniva.

Tidlegare på dagen øvde dei på scena i eit tomt Oslo Spektrum. – Vi følte oss ganske små når vi kom inn i det tomme lokalet! seier vokalist og låtskrivar Maren. Eigentleg skulle band-medlemmane ha vore på skulen i dag, men for å sitere Sunniva Honningsvåg er det «litt meir spennande å spele i Spektrum».

Skru på TV-en imorgon for å sjå korleis det går med bandet!

Kommentarer