– Frå sminka vert lagt, til den renn vekk med tårene

Vi fulgte John Harman Bratland og Indigo Child gjennom den store MGPjr-dagen. Sjå billedgalleriet her!

  06.11.2016 18:35
  Nyheter

Bandet Indigo Child og John Harman Bratland er årets UKM-innslag i pausen under MGPjr. Her finn du bileta som vart tekne underveis!

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Inn imellom 3,5 fullasta NRK-bilar og ein drøss svartkledde lyd, lys – og kamerafolk, kjem UKM-squaden (er squad fortsatt hipt?) vandrande.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Noko av dei første på timeplanen er å få på plass «in-ears» som gjer at John og bandet kan høyre seg sjølv mens dei står på scena. – Må vi ha dei i før vi skal på scena?! Eg føler dei utvider øyrene mine når eg har dei i! kommenterer Maren.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

ALLE må innom sminkestolen, der TV-sminka vert lagt. Med sterke lyskastarar er det nødvendig for ikkje å etterlikne eit lik!

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

– Som sminkeentusist har eg gått rundt å vore nervøs lenge for at nokon andre skulle legge sminka mi! sa Sunniva i Indigo Child om opplevinga i sminkestolen.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

John Harman Bratland og Johan og Karl Oscar (/Kallo) frå Indigo Child brukte ventetida i garderoben på følgande: 1) spele gitar, 2) leite etter det eine spesielle plekteret som John mista og måtte finne igjen og 3) spele dataspel med sauelydar.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Sunniva sjekka sminka, tok opp ein augebrynspenn/highlighter/leppestift, gjorde ein liten justering, og tok opp mobil-speilet igjen. Slik gjentok prosessen seg fleire gongar. – Sminka må vere perfekt når du står på scena framfor heile Norge!

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Indigo Child introduserer Martha som ny stjernetrommis.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Fotograf: «Ok Sunniva, still deg i bakgrunnen og ta ein selfie. Martha, sjå sassy ut». Begge to: «Herregud nei, kvifor?!». Slik vart resultatet.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Maren nyt eit velsmakande shot eucalyptus-honning, som skal hjelpe mot forkjølelse og å halde stemma klar.

Indigo Child og Jon Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Ein nesten samla gjeng ser igjennom opptaket frå generalprøva. Unntatt Sunniva: – Eg ser det seinare, må analysere.

Indigo Child og John Harman Bratland frå UKM gjer seg klar til å spele pauseinnslag under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Minutter før dei går på scena, live på NRK og med 7000 i salen!

Indigo Child frå UKM etter å ha spela i pauseinnslaget under MGPjr i Oslo Spektrum
05. november 2016

Kamerateamet venta ein å sjå dempa reaksjon i etterkant av opptredenen, slik som etter generalprøva. I staden var det ein variert bukett av kjensler som møtte oss. (OBS Sjeldent syn: Johan smiler!!!)

Indigo Child frå UKM er glade for at Anna og Vilde vann MGPjr 2016 i Oslo Spektrum
05. november 2016

Her har programleiarane for få sekund sida annonsert vinnerane av MGPjr 2016. Anna og Vilde, to jenter bandet allereie kjenner godt frå heimstaden Nordfjordeid. Som ein kan sjå av bildet var det ingen som var førebudd på den kjensleladde reaksjonen deira!

Indigo Child frå UKM er glade for at Anna og Vilde vann MGPjr 2016 i Oslo Spektrum
05. november 2016

Indigo Child frå UKM er glade for at Anna og Vilde vann MGPjr 2016 i Oslo Spektrum
05. november 2016

Slik sprang dei rundt i fleire minutt. Og det var rett og slett ikkje mogleg å ikkje verte påverka av den overveldande gode stemninga i Spektrum! Takk til både UKM og MGPjr for ei sjuk oppleving!