Deltakerinfo

UKM

Tilbake til UKM-festivalen 2017

Festivalen startar onsdag 21.juni og varer til sundag 25.juni

UKM-festivalen 2017 blir arrangert i Sandnes. Deltakarane skal bidra aktivt under heile festivalen, og det er derfor viktig at du er med heile tida. Deltakarprogram finn du her.

Dersom det er ein heilt spesiell grunn til at du ikkje kan vera med på heile festivalen, må du snakka med fylkeskontakten din om dette allereie nå.

SANDNES ER KLAR TIL Å TA I MOT DEG!

Me i Sandnes står klare til å ta imot deg, og me har jobba i over eitt år for at du skal få ei så bra festivaloppleving som mogleg. Me har innført det me kallar #UKMblend for at du skal få jobba kreativt saman med deltakarar frå både ditt eige og andre kunstfelt. Du vil bli godt kjent med dei deltakarane du skal jobba i lag med og raskt få deg nye venner sjølv om du kjem aleine til festivalen.

Me har deltakarprogram frå morgon til kveld. Me sluttar dagen med sosiale aktivitetar, og på avsparket og avslutninga vil profesjonelle artistar underhalda.Me har leigd eit ekte sirkustelt me har plassert i sentrum, og me kjem til å vera ein synleg festival for heile byen.

Rogaland er det fylket i Noreg der det blir produsert mest mat, og me har sett saman ein god og næringsrik meny med råvarer frå Sandnes og Rogaland. Laurdagen vil me tilby eit utval frivillige utflukter til nærområda, mellom anna til Dalsnuten og Jærstrendene.

 

#UKMblend

UKM-festivalen 2017 blir veldig annleis enn tidlegare UKM-festivalar. Deltakarane skal bruka to og ein halv dag av festivalen til å laga nye framsyningar, installasjonar og kunstverk. Dokker vil samarbeida på tvers av fylke og kunstartar, og kvar gruppe som arbeider saman, vil bli leia av ein profesjonell kunstnar. Me kallar dette konseptet #UKMblend, og alle som ikkje er med på UKM Media, skal vera med.

Det kunstnarlege temaet for #UKMblend er DinID, og det skal gå som ein raud tråd gjennom produksjonane. Målet er å utvida synet ditt på kva eit kunstuttrykk kan vera, heller enn å jobba konkret og spesialisert med det du til vanleg øver på. Laurdag 23. juni skal dokker visa det dokker har laga på #UKMblend i Sandnes sentrum.

I perioden 1. og 25. mai kan du klikka deg inn på UKM.no/festivalen/blend og fortelja oss eit val om kva du helst vil vera med på. Me kan likevel ikkje garantera at du blir med på den gruppa du ha valt.

Før du kjem på festivalen, vil du få vita kva for ei av gruppene i #UKMblend me har sett deg opp på. Her er nokre av vala du vil få:

Pur ID
(film, litteratur, musikk, dans, drama, anna scene)
Flashneon
(musikk, dans, anna scene, konferansierar)
Lydvegg
(musikk og dans)
Mal ei scene
(musikk, dans, visuell kunst)
Folkofoni
(musikk og dans)
Kulten
(musikk, dans, skodespel)
Sykkel med vrengpedal
(musikk, dans og konferansierar)
Kunst i rute
(musikk, dans, skodespel, litteratur)
Feltmusikk
(musikk og kunst)

Deltakarane på UKM Media og Unge arrangørar vil ha eigne roller på festivalen og skal ikkje velja ein #UKMblend. Unge arrangørar skal jobba samen med utvalde grupper på #UKMblend og vil få ei rolle der kompetansen deira kjem best til nytte.

Konferansierane, fotografane og litteraturdeltakarane kan enten delta på #UKMblend eller UKM Media.

 


PRAKTISK INFORMASJON

Det er fylkeskontakten som ordnar alt det praktiske og ser til at du får den informasjonen du treng. Fylkeskontakten vil senda deg meir informasjon, men dette heftet gjer eit innblikk i kva du kan få oppleva. Du finn kontaktinformasjon til fylkeskontaktane på siste sida.


NÅR SKAL EG VISA INNSLAGET MITT?

Det vil vera ei kunstutstilling slik som tidlegare år, og film- og scenedeltakarane skal få visa innslaget dei har gått vidare med. Kunstutstillinga blir på KinoKino og framsyningane blir i Vågensalen og i Sandnes kulturhus.

Me veit ikkje før 1. juni kva for framsyning innslaget ditt skal vera på, så det nytter ikkje å ta kontakt med oss for å spørja om det før då.

RETT INFORMASJON OM DEG I PROGRAMMET

Det er viktig at namnet dit og alderen din er rett i programmet. Send ein SMS med «UKM SJEKK» til 1963 for å sjå kva for info me har registrert om deg.

På festivalen sender me kvar dag tekstmeldingar om programmet. Pass derfor på at det er ditt mobilnummer, og ikkje mobilnummeret til foreldra dine eller andre, som er registrert på deg.

Hold deg oppdatert på UKM-festivalen på facebook

Treng du spesialmat, spesialtransport eller anna tilrettelegging?

Du må gje melding til fylkeskontakten din om du treng spesialmat, spesialtransport eller anna tilrettelegging. Me ønsker å gjera det me kan for å ta omsyn til dette. Det viktig at du gjev melding om dette til fylkeskontakten din med ein gong, slik at det blir registrert. Maten blir ikkje laga på staden. Det inneber at kokkane må få veta om alle som treng spesialmat på førehand for å kunna levera dette. Det gjeld òg dei som er veganar, vegetarianarar eller berre et halalkjøtt.

KVA MÅ DU HA MED PÅ FESTIVALEN?

– Instrument/anna utstyr du treng når du skal opptre
– Rekvisittar/kostyme
– Lydspor og andre filer som er trengst til innslaget ditt
– Klede for varmt og kaldt vêr, solskin og regn, stille og kuling.
Sandnes er på Vestlandet – du kan få alt dette på ein dag.
– Sovepose
– Liggeunderlag/luftmadrass
– Toalettsaker
– Handkle
– Eventuelle medisinar
– ID-kort
– Lommepengar
– Ladar og eventuelt naudladar til mobiltelefon
– Klede for korslaget

Me vil tilrår at du ikkje tar med dyre gjenstandar og smykke. Hugs reiseforsikring og eventuell instrumentforsikring.

PROFESJONALITET

Det er utruleg mykje som skjer kvar dag, og dokker må prestera på høgt nivå som artistar og kunstnarar. Det er program frå klokka 09.00 til 24.00 kvar dag, og på #UKMblend skal du vera aktiv og delta kreativt. Me skal sjå til for at du får god og næringsrik mat, og du må passa på å få nok søvn.

Det skal vera ro i sovesalane klokka 24.00. Lokala for sosialt samvær er opne til klokka 01.00. Etter det har deltakarane femten minutt på å legga seg der fylket deira har fått tildelt plass. Frukosten blir servert frå klokka 07.00 torsdag, fredag og sundag og frå klokka 06.30 på laurdagen.

Alle må møta presis til #UKMblend, tekniske prøver, framsyningar og andre arrangement. Om du kjem for seint, går det ut over dei andre deltakarane.

Til slutt for ordens skuld: Dette er eit rusfritt arrangement. Me ventar at alle respekterer det. Brot på dette vil føra til at du blir bortvist frå festivalen, og me vil måtta senda rekning for heimreisa til deg etterpå.

KOR SKJER DET?

Festivalbase og overnatting er på Vågen vidaregåande skule, og alle aktivitetane utanom sankthansfeiringa skjer innanfor ein radius på 750 meter frå Vågen.

PROGRAM

Internt deltakerprogram finn du her

Offentlig program finn du her