Vestnes kommune har lang tradisjon med at UKM-arrangementet har vorte fordelt mellom dei tre  Ungdomsskulane Tresfjord – Helland -Tomrefjord.

Vi brukar malen og har i tankane KULTURSKULE /KULTURSEKKEN/UKM som felles nemnar.

Dette  har resultert i at Vestnes mottok prisen for: Norges Beste UKM – kommune 2012

Vi er kjempestolte!

Frå og med skuleåret 2012/13 er Ungdomstrinna ved Tresfjord og Helland slått saman til ein Ungdomsskule.

Det vil seie at elevane ved Tresfjord skule har flytta over til Helland skule.  To Ungdomsskular har blitt til ein!

Helland skule ved 9.klassetrinnet er arrangørar for UKM 2013 og det vert arrangert inne i Tresfjorden – TRESFJORD OPPVEKSTSENTER- OG FLEIRBRUKSHUS!

Det er 47 elevar i 9.klassetrinnet og alle dei er arrangørar. Dei er fordelt i ulike komitear i tillegg til ein hovudkomite. Undervisninga og hjelpa til Arrangørbedrifta, får dei av lærar frå Kulturskulen.  Planlegginga og førebuingane er godt i gang med møter kvar veke og eindel større fellessamlingar.  Når sjølve arrangementet skal iverksettast – kjem foreldra! DUGNADSLØFTET! Alle hjelper til under mottoet: «Ingenting er sterkare enn det svakaste leddet»!Stine Birgitte Runde, Maja Skavnes, Mathias Rypdal Flølo, Andrine Mogstad, Vegard Aaram Breivik, Andrea Strand

Hovedkomiteen sine medlemmer: Stine Birgitte Runde, Maja Skavnes, Mathias Rypdal Flølo, Andrine Mogstad, Vegard Aaram Breivik, Andrea Strand.