ÅRDAL KULTURHUS
9.
februar

Påmeldingen er åpen!

Frist 1:
torsdag 24. januar kl. 23:59
Gjelder: Musikk, Dans, Teater, Litteratur, Annet på scene, Utstilling, Film,
Frist 2:
tirsdag 1. januar kl. 23:59
Gjelder:

Start påmelding

Foto: Elin Hæreid
Maleri: Tirill Jevnaker Grytbakk

 

Kva er UKM?

Finn dine folk

Noko av det beste med å gjera det du liker, er å finna andre som likar det same. På UKM finner du mest sannsynleg nokon med lika stort engasjement som deg sjølv. I UKM er alle eit lag, og mange får gode vener.

Akkurat deg, ja

For gamal eller for flink, seier du? Eller kanskje du tenkjer at du ikkje har noko å bidra med? Det som gjer UKM til ein fin stad å vera, er at det er plass til alle. Me har eit profesjonelt og trygt opplegg på alle nivå, og du vil få god oppfølging av dyktige folk heile vegen.

Level up!

I spel må ein ofta opna nye dører eller overvinne eit monster for å koma vidare. Sånn er det i UKM og! Det kan vera skummelt å visa fram det du har laga, men tenk kor kjekt du synes det er å sjå kva andre kan. Kvifor skulle ikkje dei tenka det sama?

Prøv noko nytt

For deg som er trygg på det du kan frå før, så anbefale me å strekka strikken litt. Viss du er knallgod på vokal, kvifor ikkje lær å spela gitar i tillegg? Eller kanskje du gjer diktanalysen i norsken i søvne, men helst vil læra å ta bilder? I UKM kan du utvida horisonten og oppdaga skjulte talent.

I UKM får du moglegheiten til å ikkje berre visa kva du kan, men og sjå kva andre driv med. Å møta andre som er opptatt av kultur, er både inspirerande og motiverande. Du får og sjansen til å læra nye ting. UKM har dessutan fleire samarbeidspartnarar, så reisen din stoppar ikkje her. Mange UKM-arar har blitt oppdaga av eksterne arrangørar og fått spenande tilbod utanfor UKM.

UKM er her for å gje deg moglegheit til å driva med det som interesserar deg. Her kan du vera deg sjølv!

 

Håpar å sjå mange kreative og kunstneriske innslag på årets UKM!!

Aldersgrense er frå året du fyller 13 år til og med året du fyller 20 år.

Hva er UKM?

Ønsker du å skape noe, møte likesinnede og utvikle talentet ditt? UKM er en møteplass for ungdom og kultur, der vi skaper noe sammen.

Her kan du vise frem det du brenner for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, enten det er sang, fotokunst, cosplay eller moderne dans.

Vi er her for å gi deg muligheten til å drive med det som interesserer deg! Kanskje oppdager du også noe nytt? Hos oss kan du være den du vil.
Les mer