WORKSHOPS og andre aktiviteter under fylkesfestivalen i Valle

Lørdag blir det ulike WORKSHOPS og åpne aktiviteter hele dagen.

Her skal man ikke kjede seg, samtidig er det også lov til å slappe av 🙂

De fleste av aktivitetene starter opp klokka 10, rett etter frokost, og går til klokka 16, med avbrekk av en times lunsj fra klokka 12-13.  Påmelding til alle workshops gjøres ved ankomst fredag.

WORKSHOPS:


Kuratere din egen utstilling. Øyvind Jacob skal leie dette kurset. Øyvind er ein allsidig kar – ein såkalla mangesyslar! Utprega kunstariske evnar, og ein entusiastisk innfallsvinkel til det meste. Har alltid halde på med musikk, teikning, kunsthandverk – og hagen hans er ein av dei flottaste i heile Setesdal. Fysioterapeut, har også jobba som lærar.
Johanne Cecilie F. Hortemo er med som medhjelpar, Johanne er ei ung og blid dame som til dagleg jobbar på Setesdalsmuseet som museumspedagog, og i tillegg er ho altså med i styret for Bykle og Valle kunstlag. Ho har erfaring med å rigge utstilling både i jobben sin og kunstlaget.
(dette tilbudet er kun for kunstnerne)

 


Kveding med Sigrid K. Jore.
Det å få fram historia i songen er viktig når du held på med kveding. Historiene og songane kan vere korte, lange eller midt i mellom, og kan handle om tapt kjærleik, morosame ting som har hendt, dyr, ridderar, kongar og prinsesser, eller berre heilt vanlege folk. Den som kvedar brukar aldri noter, og har ein eigen måte å syngje på, akkurat som alle andre sjangrar har sine spesielle måtar å bruke stemma på. På workshopen får du lære mange ulike songar. Kva gjer du når du «krullar» eller «sklir på tonen»? Det oppdagar du og testar ut i løpet av kurset! Kanskje du får dikta litt òg i same slengen?

Gangarkurs light!
PÅ fredag under «Kick off» skal alle få en innføring i ekte Setesdal kultur. Sigrid K. Jore er profesjonell kvedar og jobbar som freelance musikar. Ho er mellom anna med i trioen Raabygg, som held på med nytt album i desse dagar. Sigrid har sunge, dansa og spelt frå før ho kunne snakke og gå. Med seg har ho Eivind Tanche-Larsen Knutsen på hardingfele, som vi kjenner seinast frå fylkesfestivalen 2016, og som vinn det som er av pokalar i sin klasse på kappleikar rundt omkring i Noregs land. Eivind tek også med seg munnharpa, så vi er sikre på at alle som skal på workshop på laurdag veit korleis ei munnharpe ser og høyrast ut. I tillegg er Sondre Rua Dokken med, som Sigrid sin dansepartnar. Han er ikkje med berre fordi han er kjærasten til Sigrid, men fordi han faktisk har ei nær fortid som aktiv hallingdansar mellom anna i gruppa «Frikar» – og fordi han er ein veldig kul fyr.

 

Foto Leonhard Jansen

Munnharpe med Sigurd Brokke. Munnharpespel frå Setesdal er kjent for å vere fengande, både i melodi og rytme. Melodiane vert oftast kalla «slåttar». Utøvaren held instrumentet direkte mot tennene og slår på stålfjøra for å få fram tonane. Takta trør ein med føtene, og dette gjev god framdrift i musikken. Under UKM i Valle vert det mogeleg å få lære å spele på dette vesle og mystiske instrumentet!
Sigurd er rekna som ein av dei fremste munnharpespelarane i landet, han har gitt ut fleire CD-ar. Han er dessutan kjend frå programmet Norske dialekter – du skjønar korfor når du treff han!

 

 

Streetart med Sedin og Ane fra Coolart
Sedin Zunic er profesjonell gatekunstnar og kunstnar, busett i Kristiansand. Han har dekorert utalige veggar i byen sin og andre stader i Noreg, i tillegg til at han og firmaet hans CoolArt stod bak den kjente «Kanalen» i Arendal sentrum sommaren 2018. Sedin er opptatt av miljø, særleg miljøet i havet, og dette kjem ofte fram i motiva hans. Kul fyr som har måla ein kul vegg i ungdomsklubben i Valle! Kunsten som blir laga på dette kurset skal dekorere veggane i symjehallen vår. Med seg har han Ane Lila Valentina, fast partnar som også er gatekunstnar og utdanna pedagog.

 

Låtskriving med Benedikte Cecilie Gjertsen . Hun er halvveis i en bachelorgrad i Rytmisk Vokal – Faglærer ved Universitet i Agder i Kristiansand, og har tidligere gått musikklinje og Toneheim Folkehøgskole. Hun har selv vært med på UKM 2 ganger, og syntes at det var en veldig lærerik og spennende opplevelse. Favoritt-sjangerne er soul, jazz, blues, funk og pop, men er nysgjerrig på all musikk.

 

 

Lyd og rigg med Håkon Opheim. Håkon er en rutinert lydmann til tross for sin unge alder.
På dette kurset rigger du til konsert i Storstoga fra bunn av, og gjør klar til åpen scene på kvelden lørdag.

Påmelding til disse aktivitetene gjør dere på fredag!!

Åpne aktiviteter:

  • Vaffelhjørnet! Stek din egen vaffel. Pressa er varm fra etter lunsj!
  • Drodlehjørnet!! Tegnesaker, ark og kreativitet til fri bruk.
  • Jammerom. Behov for finpuss før forestilling søndag, eller bare vil fordype deg inn i musikken? Dette er rommet!!!
  • Gaming konkurranser. Playstation rigges til, og små konkurranser vil bli kjørt i tv-rommet til ungdomsklubben hele dagen

Alle lyd og sceneprøver vil bli gjennomført i løpet av lørdagen.

Kveldsarrangement:

FREDAG:

KICK OFF med Setesdalgangar og disco
Vårt fantastiske unge ressursteam styrer kvelden. Vi lover fart og morro!
Det kan her nevnes musikalske overraskelser, gangar light, Flashmob, dansebattle og disco

LØRDAG

  • åpning av kunstutstilling kl.17:00
  • filmpremiere kl 18.00
  • åpen scene kl.18.00
  • pool party kl.20.00
  • e-sport finale i Norges cupen i LOL (league of legends) i samarbeid med Setesdal folkehøgskule kl 20.00