Vaksen? Eg?

Martha (18) lever vaksenlivet ho alltid har lengta etter. Til tider kjennes det som ein stor bløff.

Heldigvis, og dessverre, har eg heile livet vore plaga av å vere “vaksen for alderen”. Eg syntes mine jamnaldrande i barnehagen var lite kule som berre ville leike rollespel, og å gå i joggebukse på skulen har aldri frista. Som myndig attenåring med fast jobb og bustad i hovudstaden lever eg strengt tatt vaksenlivet eg alltid har drøymd om. Ein custom made Legokloss har likevel blitt med på det nye nøkkelknippet.

Store ambisjonar

Frå eg begynte på vidaregåande brukte eg stadig meir av skuledagen på dagdrøyming, fotooppdrag og frilansjobb for lokalavisa. På attenårsdagen var høgdepunktet å endeleg kunne registrere eiga bedrift. Elles var eigentleg det største daglege dilemmaet om eg skulle bruke 27 kroner og fritimen på Burger King saman med vennegjengen, eller kjøpe 5 kroners rundstykket frå kantina og jobbe i klasserommet.

Det er forståeleg nok eit stigma rundt det å droppe ut av vidaregåande, men då eg i haust vart tilbode fast stilling innen fagfeltet eg gjekk på skule for å lære om, var det for meg eit enkelt val.

Russetid og barnefødslar

Minuset er at eg som attenåring har flytta vekk frå heimbyen eitt år før alle mine jamnaldrande. Dei fire andre i kollektivet heng med studentvenner, diskuterer studentfag og bruker studentrabatt. På jobb diskuterer dei barnefødslar, bustadkjøp, bryllaup og Tinder. Trass ein lav gjennomsnittsalder, merker eg at eg er yngst. Og mine jamnaldrande vankar på husfestar, planlegg russetid og kommuniserer på snapchat.

Personleg liker eg å skrive med datatastatur og via mail betre enn å chatte på face og snap.

Min kjære søkemotor har vore flittig brukt dei siste månadane. Husleige, arbeidskontrakt og vaskemaskininnstillingar er ikkje så himla vanskeleg når du først skjønar det, men det gjorde eg ikkje då eg sat heime i Sogn og Fjordane og prøvde å forstå forskjellen på ein hybel og ei leilighet.

Ein illusjon 

Eg kjenner regelmessig på følelsen av å bløffe. Eg sender mail med automatisk signatur på ein data dekka i klistremerker med Star Wars, Operasjon Dagsverk og buttface-motiv. Eg betalar husleige og rekningar sjølv, og har ein kaktus ved senga som eg plasserer busemenn på når eg er i godt humør.

Kvar gong eg spring ut døra i høge hælar frå Spar Kjøp, føler eg meg sjølvsikker og klar til å gripe dagen. Men eg undrast om forbipasserande kjøper illusjonen. Sko som gir gjenlyd i gatene er jo forbehaldt vaksne businesskvinner. 

I dag, då eg marsjerte nedover asfaltcatwalken, stubba eg foten i fortauet og gjekk rett i bakken tjue meter frå jobb.

Ettersom eg er blitt eldre, har eg gradvis innsett kor ung eg er. Og akkurat no kjenner eg meg litt for vaksen til å være barn, men for ung til å vere vaksen. Eller kanskje vaksne ikkje er så vaksne som eg trudde?

Martha Linnea Pukallus
Tekst og foto