FJORDEN ARENA
9.
mars

Påmeldingen er åpen!

Påmeldingsfristen går ut søndag 3. mars kl. 23:59

Start påmelding

UKM står for Ung kultur møtes og er ein møteplass for ungdom og kultur kor ein skapar noko saman. Kvart år arrangerer me UKM lokalmønstring i Os eller Fusa. Her kan du visa fram det du brenn for og det du syns er kjekt.

I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er innan musikk, dans, teater, litteratur, film, matkultur, utstilling elle anna som kan visast fram på scena. Ein kan også melda seg på som konferansier eller arrangør, og vel sjølv om ein vil melda seg på som enkeltperson eller saman med ei gruppe.

UKM lokalmønstring for Os og Fusa vert arrangert laurdag 09. mars 2019 og startar kl 16.00. Vil du vera med? Då er du kome til rett plass. Frist for påmelding er sundag 03. mars!

Aldersgrense
Aldersgrensa for UKM lokalmønstring i Os og Fusa er 11-20 år. Det vil sei at ein kan delta frå 5. klasse og oppover. For å få tilbod om å bli sendt vidare til fylkesfestivalen må ein vera mellom 13 og 20.

UKM-fylkesfestival
Nokon av deltakarane på lokalmønstringa i Os og Fusa vil i etterkant få tilbod om å delta på UKM-fylkesfestivalen i Hordaland. Den opnar fredag 05. april og avsluttar søndag 07. april. Aldersgrensa for å delta på UKM-festivalen i Hordaland er 13-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 13 til det året ein fyller 20.

Det å bli sendt vidare til UKM-festivalen i Hordaland handlar om å ta del i festivalen, møta og bli kjent med kvarandre, visa seg fram og vera saman. Det er eit føremon at dei som takkar ja til tilbodet har høve til å vera med heile helga.Kontakte gjerne dine lokale arrangørar for spørsmål.

Kontakt gjerne dine lokale arrangører for spørsmål!

Hva er UKM?

Ønsker du å skape noe, møte likesinnede og utvikle talentet ditt? UKM er en møteplass for ungdom og kultur, der vi skaper noe sammen.

Her kan du vise frem det du brenner for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, enten det er sang, fotokunst, cosplay eller moderne dans.

Vi er her for å gi deg muligheten til å drive med det som interesserer deg! Kanskje oppdager du også noe nytt? Hos oss kan du være den du vil.
Les mer