UKM-2022

UKM lokalt vil i år bestå av fleire workshop, arenaer og scener der born og ungdom kan få vist fram talenta sine, og bli nominert til...

UKM lokalt vil i år bestå av fleire workshop, arenaer og scener der born og ungdom kan få vist fram talenta sine, og bli nominert til fylkesfestival hausten 2022.  UKM- Hareid har eit godt samarbeid med UKM-Ulstein og no i mai blir det tilbydt gratis teikneseriekurs, skrivekurs og DJ-kurs som born og ungdom frå Ulstein og Hareid kan melde seg på. Fleire andre tilbod er under planlegging, så det er berre å fylgje med framover. Vi har også eit godt samarbeid med kulturskulane i kommunane og kan nominere også frå deira arrangement.

Om du har lyst å vite meir om UKM eller har lyst å bli med, er det berre å ta kontakt med Melinda Skeide i Hareid kommune eller Marie Flatin i Ulstein kommune.