UA-workshop 17.-18. mars

UA-deltakare som skal være med på Hordaland-festivalen 20.-22. april, samlast for ein workshop lørdag 17. mars og søndag 18. mars.

OBS: Workshoppen er endret fra å gjelde UA og Media til å kun gjelde UA-deltakere. Dette er på grunn av mange påmeldte. Mediadeltakere vil få en egen workshop under UKM-festivalen i Hordaland, som de vil ha bedre utbytte av.

UA-deltakarar som skal være med på Hordaland-festivalen 20.-22. april, samlast for ein workshop lørdag 17. mars og søndag 18. mars. Under denne workshopen skal vi planleggje UKM-festivalen i Hordaland saman, og bli betre kjend med kvarandre.

Reise og opphald:
Workshopen skal være i Husnes, og vi overnattar i hyttar på Husnes Camping.

Deltakarar kan entan møte ved Husnes kulturhus laurdag kl 13:00, eller reise med snøggbåt frå Bergen Strandkaiterminal kl 10:10 (møt opp innan kl 10:00 – du finn oss med eit stort, gult, UKM-banner!). Retur søndag med snøggbåt for dei som ønskjer det kl 15:50, framme i Bergen 18:10. Fylkeskommunen dekkjar reiseutgiftar, opphald og mat.

Gi beskjed om du har allergiar eller andre behov til fylkeskontakten (mob: 992 30 515) før fredag 16.mars.

Huskeliste:
Handkle
Toalettsaker
Pysj
Datamaskin (dersom du har)
Evt. lommepenger til godteri o.l.

Campinghyttane har sengar med sengeklede.

Det er tre vaksne som er med heile helga og som leiar workshopen. Dette er fylkeskontakt Marianne Askvik (mob: 992 30 515) og produsentane Inni Mowinckel og Line Yvonne Eidheim.

Workshopen er obligatorisk. Dersom du er videresend, men ikkje har høve til å delta, ta kontakt med fylkeskontakt Marianne Askvik (hordaland@ukm.no / 992 30 515).

Bilete frå planleggjings-workshop i 2017.