Forside

Deltakarinfo UKM-festivalen i Hordaland – Kven, kva, kor og når?

Når skal eg opptre?
Programmet vert publisert i slutten av mars. For å finne ut når du skal opptre så er det enklaste å søkje på namnet ditt på deltakarlista.
Skriv inn namnet ditt (eller namnet på gruppa) og klikk på søk. Då vil det kome opp eit eller fleire innslag (boksar). Når du har funne riktig boks klikkar du på den. Den vil då opne seg og du finn meir info, eksempelvis om kva framsyning du skal opptre i.

Korleis kjem eg meg til festivalen?
Festivalen er på Oseana Kunst og Kultursenter. Adresse: Mobergsbakken 20, 5200 Os.
Det er lokalkontakt / lokalarrangør som legg til rette for det praktiske. Fleire kommunar sørg for felles transport.
Kontaktinfo til di lokalkontakt finn du mellom anna her, når du trykkar på di kommune > kontakt.

Når er festivalen?
Festivalen startar fredag 05. april med innsjekk frå kl. 18:00-20:00. Sein tilkomst denne dagen er mogleg. Festivalen varar til siste framsyning sundag 07. april og det er viktig, både for deg og oss, at du kan være med heile tida. Dersom det er ein heilt spesiell grunn til at du må søkje om fritak for deler av festivalen, må du snakke med di lokalkontakt om dette allereie no.

Klikk her for internt deltakarprogram

Kva skjer på UKM-festivalen i Hordaland?
Alle UKM-deltakerar bur på Os Gymnas og i idrettshallen som ligg om lag 20 minutt gange frå Oseana, og her vert det også servert frukost og kveldsmat. På skulen vil det vere infodesk (sekretariat) der du skal sjekke inn. Det er også der du får hjelp dersom du lurar på noko. Adresse til skulen: Gymnasvegen 85, 5200 Os.

Alle framsyningar, kunstutstilling og workshops vert gjennomført på Oseana Kunst- og Kultursenter. Her er det også nettredaksjon og infodesk. På Oseana vert det servert lunsj og middag laurdag og lunsj sundag.

Kveldsprogrammet 05. og 06. april vil bestå av internt program for deltakarar. Meir informasjon kjem.

Laurdag og sundag formiddag kl 10-12:30 vert det arrangert workshops innan ulike tema. Ytterligare informasjon om dei ulike workshopane, og lenke til påmeldingskjema, vert publisert på ukm.no/hordaland i mars. Før festivalstart vert lista over påmeldte sendt vidare til lokalkontaktane.

Det er svært viktig at alle UKM-deltakarar er tilgjengelig på telefon under festivalen. Unge arrangørar vil ta kontakt i god tid før di framsyning/kunstopning/filmvisning for å avtale oppmøtetid.

Filmproduksjon av alle framsyningar
Alle framsyningar på Oseana vert filma og lagt ut på www.ukm.no/hordaland i etterkant. Alle innslag vil såleis vere tilgjengelig på nett etter at festivalen er ferdig.

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønskjer å bli filma, og ikkje har trykka av på dette valget i påmeldingskjemaet til di lokale mønstring, er det viktig at du gir di lokalkontakt beskjed om dette!

Kva skal eg gjere dersom eg har allergiar eller andre behov for tilrettelegging?
Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging på nokon måte så er det viktig lokalkontakta di får beskjed!

Kva må du ha med på festivalen?

  • Instrument / anna utstyr til opptreden
  • Rekvisittar / Kostyme
  • Minnepinne eller annan playback som er nødvendig for innslaget ditt (vert også lasta opp på førehand)
  • Kle for varmt og kaldt vær (vi skal gå frå UKM Camp til Oseana kvar morgon og kveld. Aprildagane på Os kan vere både solvarme og kalde med nedbør)
  • Kle å sove i (alle har ulike temperaturpreferansar. Det kan være lurt å ta med både varme og tynne kle å sove i)
  • Sovepose
  • Liggeunderlag / luftmadrass
  • Evt. støydempande øyreproppar
  • Evt. powerbank til telefon
  • Toalettsaker
  • Handkle
  • Vatnflaske (tenk miljø – spar plastkoppar!)
  • Evt. termokopp for kaffe
  • Medisinar
  • ID-kort
  • Lommepengar (alle arrangement og måltid i regi av UKM er gratis)
  • Husk reiseforsikring og eventuelt instrumentforsikring
  • Du bør ikkje ta med dyre gjenstandar og smykkar

Ordensreglar

  • Dykk skal vise respekt for andre deltakarar, slik andre deltakarar skal respektere dykk.
  • Det skal være ro i sovesalane frå kl. 00:00.
    Det er utrulig mykje som skjer kvar dag. Derfor må ein også sove litt!
  • Det er ikkje lov å forlate UKM Camp mellom kl. 00:00 – 07:00.
  • Alle UKM-deltakarar må møte presis til workshops, framsyningar og arrangement.
  • All bruk av rusmidlar er forbode, og overtredelse medførar heimsending for eiga rekning. Ein mister og høve til å verte med vidare til den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim.

Alle deltakarar har ansvar for å følgje reglane og vite kven som er hovudkontaktperson frå kommunen ein representerer. Ansvar for eiga oppførsel er det den einskilde deltakar / føresette som har.

Det vil vere vaksne frå Hordaland Røde Kors tilstade på både UKM Camp og Oseana. Røde Kors skal ikkje ha rolla som vakthold, men skal bidra til god trivsel under festivalen. Vidare har desse vaksne opplæring i fysisk og psykisk førstehjelp og har med naudsynt utstyr dersom uhell skjer. To personar frå Hordaland Røde Kors vil være våkne på UKM Camp på nattestid (00:00-07:00). Dei vil loggføre eventuelle brot på ordensreglement og vidareformidlar til fylkeskontakten som også er tilstades heile helga.

I dei klasseroma / idrettshall som vert nytta til soverom / sovesal vert det lista opp kor dei einskilde deltakarane skal sove. Med unntak av Unge Arrangørar og Media-deltakarar, skal alle deltakarar sove kommunevis.

Reiseleiarar! Her finn de meir informasjon.