Tipp topp stemning på fylkesmønstring

2. dag av Fylkesmønstringa i Møre og Romsdal og humøret hos deltakarane er på topp! Her kan du sjå litt nærmare på kvardagen vår.

Det er laurdag morgon med vestlandsvår i lufta. Skodda ligg tjukt og roleg rundt fjella, kun avbrutt av ei og anna obligatorisk regnbyge.

 

For dei UKM-deltakarane som har tilbrakt natta på luftmadrasser og i soveposar er det viktig å starte dagen med eit godt måltid. Timeplanen viser høgt tempo og mykje moro til seint på kveld, og sjølv om morgonfuglane møtte dagen med den katastrofale rekkefølga på frukosbordet; brød, pålegg og til slutt smør, gjekk ting på mirakuløst vis framover.

 

 

 

 

 

 

 

Samstundes som ungdommen kavar med frukosten sin, er arrangørane i full sving med å planlegge dagens aktivitetar og underhaldning. Det går rykter om at ein minikonsert ute av proporsjonar er planlagt å haldast på Coop Prix Midsund i løpet av dagen.

 

I konsertsalen går også ting for fullt. Dagens artistar er godt i gang med tekniske prøver. Til og med ein og annan ivrig fan er å sjå i salen allereie.

 

Aslak Bjørge Waage (14) frå Ålesund er ein av artistane som har vald å ikkje tilbringe helga her på Midsund. I staden har han vald å kome eins ærend hit i dag for å gi oss eit fantastisk show! Guten frå Ålesund skal synge «Rolling in the deep» for oss og vi spør om han er nervøs. «Ja, eg er litt nervøs, men eg er eigentleg litt for trøtt til det akkurat no.» Svarer den unge artisten med eit smil. Eit eller anna er han tydeligvis opptatt med for vi får ikkje ha han lenge før han må springe avgårde.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Inne på arbeidsrommet finn vi det veldig ryddige og oversiktelige arbeidsbordet til UKM Media. «Sjefen over alle fotografar», Sarah, ser vi på bildet i sin vanlige posisjon, djupt begravd i arbeidet sitt på iMacen, slik at hjulet skal gå lettare rundt for alle andre. Akkurat kan det sjå ut som om det er Spotify som krevjar hennar
kompetente overvaking.

 

Bak scena møter vi på bandet «Bear Inc.» medan dei gjer seg klare til teknisk prøve. Dei tek seg allikevel tid til eit kort intervju. Eg spør Tor-Stian Bjørneset (nærmast på bildet) om dei har sove godt i natt, eller om dei er for trøytte til dette.

-Vi har sove litt, men er steike klare.

-Har dykk nerver før showet?

-nja.. ikkje meir enn det andre har i alle fall.

Det er tydeleg at for denne gjengen er i alle fall ikkje det å gå på scena framfor eit stort publikum noko problem. Vi gler oss til å sjå kva dei skal framføre for oss i dag.

 

 

 

 

 

 

Prøvetida er over og no er alvoret i gang. Artistane ventar tolmodig i gangen på deira tur til å gå på scena. Sjølv om pulsen sikkert er høg, merkast det i alle fall ikkje på humøret. Alle ser ut til å hygge seg i kvarandres selskap og det er ikkje anna enn smil å sjå i ansikta deira.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

13 år gamle Jenni Aamås held på å gjere seg klar for hennar tur. Ho skal synge og spele gitar for oss i dag. Her er ho avbilda saman med Trovåg Bjørneset, som skal assistere henne med gitarspel. Dei er kanskje litt nervøse men mest av alt gler dei seg.

 

 

 

Bak scena igjen får eg huka tak i bandet «Agenda» før dei skal i rampelyset. Gjengen verkar veldig sjølvsikker, nesten som om dette er det mest naturlege som kan gjerast. Eg spør om å få ta eit bilete av dei. Eg får et ja –  mot at dei får posere «kult».

Elles her på UKM-området for Møre og Romsdal er det framleis ikkje alle som heilt ser det nødvendig å forlate dei flotte sovesalane sine. Uansett, når UKM-Media kjem inn og forstyrrar desse individa er det bere tipp topp humør og finne her og. Det er trass alt slik standard at aquarium er å finne innlosjert. Nokre stadar har også leikeslott, så det er fullt mogleg at dei heng igjen ein og annan UKM-ungdom når barnehagen og skulen tek tilbake lokala sine på måndag.

Sjølv om nokre framleis er i sovesalane sine, vil ikkje det sei at det er noko roligare stemning her enn oppe på hovudscena. Fleire artistar både dansar og spelar instrument her også. Alt tydar på at dette er på god vei til å bli ei helg deltakarane aldri vil gløyme!

 

 

 

 

Johnny Larsen
Tekst og foto