Kjære publikum!

27.- 29. april er det duka for den årlege fylkesfestivalen som i år er lagt til Stordal kommune.

27.- 29. april er det duka for den årlege fylkesfestivalen som i år er lagt til Stordal kommune.

Fylkesfestivalen er ein viktig smeltedigel for ung kultur i Møre og Romsdal og består av omlag 400 ungdommar i alderen 13-20 år frå våre 36 kommunar. Ungdommane er samla for å bli kjent med kvarandre, utøve det dei brenn for, delta på workshops/verkstader og vise publikum kva dei driv med i form av forestillingar og kunstutstilling. UKM er ingen konkurranse, men ein møteplass, visningsarena og ein stad for utvikling av ung kultur. I løpet av denne helga vil du kunne få med deg 6 forestillingar med eit breitt og høgt kvalitativt innhald innan musikk, dans, drama, film, akrobatikk og meir. Dei fleste artistar, kunstnarar og kulturutøvarar vi kjenner gjennom media har som oftast delteke på UKM i ei eller anna form, som til dømes Stordals «eigne» Jenny Langlo. Driv du med noko du elskar så er UKM staden for deg.

«Vi gler oss til ei strålande helg i Stordal!»

 

 

Stad: Hovudarena for fylkesfestivalen er Stordalshallen (sjå kart under). Ca. 1km gangavstand frå Stordal sentrum, der ein finn butikkar, kafé og ein bensinstasjon.

Program:  Oversikt over førestillingar, utstilling etc. finn du her.

Parkering: Parkering på anviste plassar ved stadion. NB: Det er ikkje høve til å parkere ved Stordalshallen (kun for nytte- og utrykkingskøyretøy, arrangør og rørslehemma).

Overnatting: Stordal er ei lita kommune men har følgjande overnattingsfasilitetar:

Alternativ utanom desse er hotell/camping i Valldal eller motell på Sjøholt.

For rørslehemma: Fylkesfestivalen er godt tilrettelagt for publikum med nedsett bevegelsesevne og/eller rullestol. Ledsagar kjem gratis inn dersom rørslehemma har eigen billett.

Vi har eigne parkeringsplassar for rørslehemma. Det er også handicap-toalett ved Stordalshallen. Tek du kontakt med ein av våre vakter eller med sekretariatet, så vil dei hjelpe deg og informere om kor dei forskjellige fasilitetane er.

Turmuligheiter: I Stordal er det mange turmuligheiter. På morotur.no  kan du finne turbeskrivelse til mange av dei.

Facebook: Her kan du m.a. følgje UKM Møre og RomsdalBarnas kommune , Stordalshallen , Stordal frivilligsentral og Stordal bibliotek.

 

Pris helgapass «6 konsertar for 4»:
Barn u/ 16 år kr 200,-
Vaksne kr 400,
Familie kr 1200,- (MAX 6 pr. familie)

 

Pris dagspass laurdag «3 konsertar for 2»:
Barn u/ 16 år kr 100,-
Vaksne kr 200,
Familie kr 600,- (MAX 6 pr. familie)

 

BILLETTSALG STORDALSHALLEN:

Enkeltbillettar kan kun kjøpast i døra. Du kan også kjøpe «Dagspass laurdag» og «Helgapass» i døra.
Billettsalet startar 1 time før konsertstart.

Pris enkeltbillett:
Barn u/ 16 år kr 50,-
Vaksne kr 100,
Familie kr 300,- (MAX 6 pr. familie)

I Stordalshallen kan du betale med kontantar, kort eller Vipps.

 

Lokale sponsorar: