VERKSTAD!

UKM VERKSTAD! Under festivalen får deltakarane tilbod om å delta på verkstad.

UKM VERKSTAD!

Under festivalen får deltakarane tilbod om å delta på verkstad. Her kan ein lære noko nytt, få påfyll eller gje seg sjølv ei ny utfordring. OPPDATERING! DJ verkstad er eit nytt tilbod, om du ynskjer å delta på denne i staden for det du har meldt får tidlegare så må dy fylle ut dette skjemaet på nytt: https://goo.gl/forms/i3qfFbjpyjs6Ng812

Årets tilbod er:

     

SJAKK! meir enn eit spel – Tor Wetle Wetlesen Hoem

  • Laurdag kl. 10:00-13:00

Lær korleis sjakk:

  • Forbetrar  konsentrasjon og analytiske evner
  • Auka evnene til problemløysing og betrar rekneferdigheiter
  • Trener hukommelsen
  • Er verdifull underhaldning og fin avkopling

Kom på verkstad! Spel og lær opningsprinsippa, lær å legge ein plan, lær litt sluttspelteknikk. Så vinner du mot kompisar,  pappa eller bestefar… kvar gong!

 

KUNST! Flip bookMari Watn

  • Laurdag kl. 09.00-12.00

Flip book er ei lita bok som er samansett av fleire teikningar som fortel ei historie eller handlingsforløp. Den opplevast som ein animasjon når ein blar hurtig gjennom ho og er den enklaste form for animasjon. Dette er gøy!

 

 

DANSE! Hiphop – Steinar Bjørlykhaug

  • Laurdag 10.00-11.15
  • Laurdag 11.45-13.00

Fram med hammarfoten og sagarma! Her skal det byggast fram ein koreografi i Hip Hop! Hip hop stammer frå afrikansk dans, og tilhøyrer den urbane danseforma. Ta med godt humør og gjer deg klar til å gjere alt frå grimasar til overdrivne bevegelsar! Gled deg!

 

 

TEATERSPORT! – Thor-Ivar Forsland

  • Laurdag kl. 10:00-13:00

 

Teatersport er ein konkurranse i improvisert teater, kor publikum gjerne tek ei aktiv rolle i kva som skal framførast gjennom å foreslå tema, stad osv. for sketsjane som vert framvist.

  • Lær om improvisasjon og teatersport gjennom mange forskjellige øvingar.

 

 

KONFERANSIER! – Oskar Fjørtoft Sandanger

  • Heile helga

Som konferansier er du bindeleddet i framsyninga, og skal bygge opp alle artistane og gje dei ein best mogleg introduksjon. Denne helga skal vi saman jobbe fram gode framsyningar, og skape magiske augneblink! Thomas og Harald, watch out!

 

  

 

KAMPSPORT! Karate – Trine Mette Helset

(assistenttrenar Ada Larsen Helset)

 

  • Laurdag 10.00-11.15
  • Laurdag 11.45-13.00

 

Karate er ein av kampsportane som har sitt opphav frå Japan, nærmare bestemt øya Okinawa. Vi vil i løpet av desse timane ta dykk med på ei treningsreise i karaten sin utviklingshistorie frå byrjinga som var sjølvforsvar mot kongen sine skatteinnkrevarar til den konkurranseidretten som dei fleste kjenner den som i dag. Dette blir spennande!

 

 

 

YOGA! fysisk og mental sunnhet – Merete Myklebust

  • Laurdag 10.00-11.15
  • Laurdag 11.45-13.00

Yoga er ei samling mentale og kroppslege teknikkar som omhandlar bevegelse, pust, kontroll og flyt. Yoga handlar om å forene kropp og sjel. Alle har godt av dette!

 

 

DJ! verkstad – DJ Stian.

  • Laurdag kl. 10:00-13:00

Stian har spela på klubber over heile Norge og har over 20 år med erfaring.  På verkstaden lærer du om korleis ein DJ jobbar, og kva for plattformer som er vanleg å jobbe på.

Her blir det muligheit for å teste ut korleis det er å være DJ og plukke opp nokre triks!