Oskar Fjørtoft Sandanger er ny fylkeskontakt!

  –Eg gler meg til å bidra til å gi ungdom dei same opplevingane og erfaringane UKM har gitt meg.

 

–Eg gler meg til å bidra til å gi ungdom dei same opplevingane og erfaringane UKM har gitt meg. Oskar Fjørtoft Sandanger (23) gjekk 1. Oktober inn i eit års vikariat for Margaret Berger som skal ut i mammapermisjon.

Oskar er frå Larsnes på Sunnmøre, men har budd i Oslo dei siste 3 åra. Her har han tatt ein bachelor i drama og kommunikasjon på OsloMet. Sidan Oskar først var deltakar på i 2008, har han gått gradene og har etterkvart lang fartstid i UKM-systemet. Frivillig i URG (Ungdomsressursgruppa), programleiar, konferansierrettleiar og i fjor ei prosjektstilling som festivalutviklar i UKM-festivalen

–UKM er først og fremst viktig som ein arena der ungdom kan møtast. Det heiter jo Ung Kultur Møtes, og det er akkurat slik eg har opplevd det sjølv også. Det er ikkje så mange andre arenaer der kulturinteressert ungdom kan møtast på tvers av kulturuttrykk. Drama, dans, musikk, biletkunst osv.

Oskar er allereie i gong med arbeidet og har denne veka saman med Margaret vore rundt i bydelane og snakka med dei ulike klubbane om deira planar for lokalmønstringane. –Planen er å få til eit lokalkontaktmøte og å involvert URG så mykje som mogleg. Eg hugsar kor viktig det var for meg å få den tilliten og ansvaret så tidleg. Det er noko eg vil at flest mogleg skal få oppleve.

–UKM Oslo skil seg ut ved at det alltid er eit voldsomt liv på arrangementa – ei elektrisk stemning. Folk backar kvarandre skikkelig!

Vi ønsker Margaret lykke til som kommende mamma, og Oskar lykke til ny jobb.

Oskar var tidligere med i URG, her i kanindrakt på scenen under UKM festivalen 2015.

 

UKM OSLO, 31.10.2018