Resultata frå fylkesfestivalen 2018

Dei viktigaste resultata frå fylkesfestivalen for UKM i Rogaland 2018 er at:

  • 171 ungdommar frå heile Rogaland har opplevd og vore aktive på ein tredagars kulturfestival på Tysværtunet kulturhus
  • 118 av desse opptredde på ei profesjonell scene for eit entusiastisk publikum og var før det med på tekniske prøver, fekk rettleiing av profesjonelle utøvarar og blei tatt bilde av
  • 41 ungdommar har stilt ut kunsten sin
  • 18 ungdommar deltok som Unge arrangørar eller på UKM Media
  • 159 av deltakarane var med på til saman 9 verkstader leia av profesjonelle utøvarar og kunstnarar
  • Eir gruppe med fem URG (Ungdommens ressursgruppe) har vore aktive i gjennomføringa av festivalen og har vore eit sosialt lim for deltakarane
  • Det har vore avsparkskveld, kinovisingar, jamsession og sosiale aktivitetar
  • Nye vennskap har blitt knytte og ung kultur har møtst

Her kjem opptak av alle sceneinnslaga: https://tv.ukm.no/fylke/rogaland/2018/

I tillegg har eit fagpanel valt ut nokre deltakarar som skal representera breidda av kulturlivet Rogaland på UKM-festivalen i Trondheim 25. til 29. juni (https://festivalen.ukm.no/) . Desse er:

  • Renate Pettersen (Haugesund) – teater/monolog
  • Crunch Crew (Bjerkreim) – dans/hiphop
  • Tobias Vigrestad Mellemstrand (Hå) – musikk/opera
  • Sarah Linn Sveen Iversen (Karmøy) – musikk/alternativ rock
  • Mira Foust (Stavanger) – musikk/indie

 

  • Kine Bua Kallevik (Haugesund) – visuell kunst/portrettfoto
  • Anna Silgjerd Monstad (Tysvær) – visuell kunst/linoleumssnitt
  • Emma L. Tjøstheim (Sandnes) – visuell kunst/akryl på plate
  • Sigrid Storesund (Randaberg) – visuell kunst/penneteikning med akvarellmaling på papir

Dei som kan bli sendt vidare i kategorien konferansierar, arrangørar og media-personell vil bli annonsert her så snart nominasjonsprosessen er gjennomført.

Rogaland fylkeskommune og Tysværtunet kulturhus takkar deltakarar, reiseleiarar, rettleiarar, mannskap på teknikk og alle andre involverte for ein vellykka festival.