40 000 kr i stimuleringsmidlar til kommunar i Sogn og Fjordane

Selje, Høyanger, Gulen og Aurland er tildelt stimuleringsmidlar frå UKM Norge etter søknadsfristen 15. januar i år. I tillegg har Sogn og Fjordane fylkeskommune fått 32 000 kr til ulike prosjekt knytt til UKM-festivalen i Høyanger og til arbeidet med URG Sogn og Fjordane.

Vi er glade for kvar krone vi får til å utvikle UKM i fylket vårt, seier Eva Kristin Svidal som er fylkeskontakt for UKM. Det blir spennande å følgje prosjekta i kommunane legg ho til.

Selje, Høyanger og Gulen har fått midlar til UKM-workshop, Aurland til prosjektet «Er du med?»

 

Martha Linnea Pukallus
Fotograf