Festivalen blei sett i gang med eit pang!

Mange har jobba lenge med å få dette opp å gå, andre har venta på moglegheiten til å få vist fram deira talent. No er ventetida over.

Etter den første dagen har deltakarar fått blitt kjent med kvarandre. Vi har funnet ut at det er mange som heiter Elise her i år. Etter den store Kick-offen leia av Urgane var det tid for ei skattejakt som auka pulsen til deltakarane. Her gjekk to gutar heim med den store premien, tusjar. Pulsen roa seg ikkje ned for alle då dei skulle rett på teknisk sjekk og ut på scena for årets første framsyning.

Festivalen er sponsa av Boose. Dei som har lyst å vinne prisen må dele det beste festivalbildet under hashtagen #ukmsfj18 eller fullføre alle knuttar. Til det treng ein ein URG til å lage hol i kortet ditt, men ikkje Oddbjørn han har gjort det for mykje i dag.

I morgon er det mykje å glede seg til to framsyningar, workshops, opning av kunstutstilling og nattkino. Hugs å skape stemning og bli kjent med minst 3 nye personar og kanskje finne kanina.

Foto: Steffen Heggen Starheim

Youri van der Werve
Tekst