Stemning under workshop

Før mønstringa fekk UKM-deltakarane i Sogn og Fjordane velje ein av sju workshop-stasjonar dei ville fordjupa seg i.

Dei kunne mellom anna øve seg på å vere på scena, låtskriving, dansing og måling.

Kvart over ti på laurdags morgon vart dei fleste deltakarane klare, og sendt til gruppa dei sjølv hadde valt. Deltakarane tilpassa seg plassen dei vart sende til, og starta med dei ulike aktivitetene.

I nokre av dei ulike gruppene starta dei med å bli kjend med kvarandre. Etter kvart som dei vart kjende, var det ei gruppe som gjorde ei yoga-øving for ikkje å bli sittande i ro. Deretter var det i gong med den praktiske delen for mange av gruppene.

Ei av gruppene fekk i oppgåve å ta bilete, ei anna fekk i oppgåve å skrive ei lita låt. Det var mykje latter og moro på alle gruppene, og det verka som om at alle hadde det kjekt. Heldigvis kjem det enda ein workshop på søndag! 

Fotograf: Emilie Førde

 

Fotograf: Ida Emilie Bruhn Henriksen

Fotograf: Steffen Starheim

Stine Eikeberg Leirdal
Journalist