Sterk i hjartet, svak i kroppen

Malene Håvik Melheim (13) mala dette maleriet, ein person utan hår og med oksygenslange i nasa.

Malene viser realitet og tristheit, noko som gjer dette maleriet nettopp so sterkt.

Då Malene såg ein gut på TV som selte armband til inntekt for kreftforeninga, blei ho inspirert. Malene starta då i januar å male dette maleriet og i mars var det ferdig. Målet var å uttrykke dette med kreft gjennom hobbyen hennar maling.

Maleriet brukte ho samla sett to døgn på. Med bruk av akrylmaling, få fargar og pensel skapte ho eit maleri som røra mange. Nede i venstre hjørne mala Malene ei gul sløyfe, som symbolisera barnekreft. For å dele bodskapet sitt og vere med på workshop meldte ho seg på UKM.

Malene var også med på UKM i fjor, men var då for ung til å bli sendt vidare. I år satsar ho på det beste og håpa på å gå vidare til landsmønstringa.

Kunstnar: Malene H. Melheim.
Fotograf: Ida Emilie Bruhn-Henriksen

Ingeborg Langeteig
Journalist