Vil få e-sport inn i timeplanen

På Workshops under UKM Sogn og Fjordane var E-sport ein populær stasjon.

Fokuset på denne var korleis vi kunne få e-sport inn i kvardagen

Geir Arne Solheim, som var leiar for stasjonen, meiner at e-sport ikkje treng å vere usunt. Så lenge du gjer det rett.

– Dersom ein et, får bevegd seg, søv og får inn kunnskap så har ein dekka alle dei viktigaste behova og kan spele med godt samvit, seier han.

Han presiserer at e-sport ikkje er det same som «gaming», kor ein gjerne sit for seg sjølv og spelar.

– E-sport er meir sosialt, fordi ein sit fleire saman i eitt rom og kommuniserer undervegs. Dermed er ein også ilag fysisk, og ikkje berre virtuelt, understrekar han.

Han står i bransjen for nyetableringa Operation Archery, som er ein møtestad for folk som vil drive med e-sport.

– Her er det ope for alle, både gutar og jenter, legg han til.

Fleire av deltakarane som var med på workshopen spelte ikkje fast, men fortel at opplevinga gav meirsmak.

– Dette er veldig kjekt!, seier dei.

Fotograf: Tuva Dybwad Mundhjeld

 

Ina Risan
Journalist