Fagpanel

Vi har to fagpanel under årets festival, eit for scene og eit for utstilling. Det er stor breidde i kompetansen til dei sju som sit i årets fagpanel. Jobben deira er å plukke ut dei som skal representere Sogn og Fjordane under årets landsfestival som er i Trondheim 25.-29.juni 2018.

 

Utstilling

 

Gerd Endestad

Frøydis Aarseth er født 1986 og er frå Sunnfjord. Aarseth har utdanning frå The Florance Academy of Art i Italia og har gått i lære hos Odd Nerdrum i Frankrike. Ho har hatt ei rekke utstillingar i Norge, Sverige, Italia, Tyskland og USA. I dag bur og jobber Frøydis i Bergen der ho har sin eigen skule, Frøydis Aarseth Malerskole.

 

Oddleiv Apneseth

Oddleiv Apneseth er født i 1955. Har jobba som fotograf i 20 år i Bergens Tidende og vært frilansar sidan 2007. Gjennomførte deretter det store prosjektet «Jølster 2008». Har seinare jobba med bokprosjekt, blant anna «Norges Låver» og seinast «Av Stein». Bur i Bygstad, Sunnfjord.

 

Scene

 

Felicia Goll-Rasmussen

Janne Karin Støylen driv Svidal skriveri, eit distriktskontor for litteraturformidling, på Jølster i Sunnfjord. Ho har mastergrad i barne og ungdomslitteratur og mange års erfaring med litteraturformidling for Nynorsksenteret. Tidlegare har ho hatt programansvaret for Dei nynorske festspela og kulturprogrammet i Ivar Aasen- tunet. For tida er ho engasjert i utviklinga av “Rom for ord” – litterære møteplassar i Sogn og Fjordane og underviser i litteratur ved lærarutdanningane i Sogndal.

 

Line Dybedal

Marcus Hansen Våge er 16 år og bur i Høyanger der han går i tiende klasse. Det han liker å gjere på fritida si er å synge, tegne og spele dataspel. Venner er også ein veldig stor del av livet hans. Marcus er ungdomsrepresentant i fagpanelet til fylkesfestivalen 2018.

 

Elise Hessevik

Elise Hessevik jobbar i Brak som prosjektansvarleg for Sogn og Fjordane der ho blant anna har ansvar for å planlegge og avvikle Blest og administrere Sogn og Fjordane Musikkfond. Brak er eit kompetansesenter for alle som driv med musikk i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei fungerer som ein døropnar, veiledar og bindeledd som løftar alle aktørar innan musikkfeltet til neste nivå. Elise jobbar også i musikkbransjefestivalen Vill Vill Vest og har tidlegare jobba i plateselskapet og bookingbyrået Klangkollektivet.

 

Jonas Øren

Jonas Øren kjem frå Høyanger. Han har formell danseutdanning frå The Hammond School (UK), Fagerborg vgs., Conservatoire National Superieur Music et la Danse Lyon (Frankrike), og ein BA i klassisk ballett frå Balletthøgskulen i Oslo.

 

Andrea Santiago Stønjum

Andrea Santiago Stønjum er 17 år og kommer fra Måløy. Hun er kanskje aller mest kjent for å ha nådd helt opp til andre plass i The Voice i 2017. Andrea går nå på Måløy videregående skole, men tar likevel store og små oppdrag rundt om i landet.