Forside

UKM festivalen Sogn og Fjordane skal vere den viktigaste møteplassen for ung kultur i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig arrangementet.

I 2019 er Vågsøy kommune hovudarrangør for festivalen.

Kommunane plukkar ut deltakarar på sine lokalmønstringar som blir sendt vidare til festivalen. I tillegg til å vere deltakarar på scene og med utstillingsarbeid kan ein også delta som konferansier, ung arrangør eller i UKM Media.