Når er festivalen?

Festivalen startar fredag 29. mars med registrering frå kl. 17.00 og vert avslutta rundt kl. 15.00 søndag 31. mars. Dei som skal delta som konferansierar, ung arrangørar eller i UKM Media må komme på ettermiddagen fredag 29. mars. Det er viktig at du er med på heile festivalen.


Er det aldersgrense på UKM?

Aldersgrense for festivalen er 13 til 20 år. Frå og med det året du fyller 13 til og med det året du fyller 20. For grupper gjeld det at minimum halvparten av medlemmane må vere innanfor aldersgrensa. For unge arrangørar, UKM Media og konfransierar er aldersgrensa 15-19 år.


Korleis kjem eg meg til festivalen?

Det er kommunekontakten som ordnar alt det praktiske, også reise.


Kva gjer vi når vi kjem til festivalen eller lurer på noko undervegs?

Ved ankomst henvender reiseleiarane seg til sekreteriatet som ligg i Nordfjordhallen. Her vil ein få deltakarbevis, program og anna informasjon ein treng. Dette har vi pakka kommunevis. Visst de ikkje kjem samla til Måløy er det mulig for deltakarar å hente ut deltakarbevis og program til seg sjølv.

Om du lurer på noko undervegs i festivalen kan du alltid hendvende deg til sekreteriatet.

Opningstider sekreteriat:

Fredag: 16:00-22:00

Laurdag: 09:00-22:00

Søndag: 11:00-15:00


Kvar skal eg overnatte?

Alle festivaldeltakarane skal sove i klasserom på modulskulen tilknytt Måløy vgs. Ta med deg madrass/liggeunderlag, sovepose, pute og eventuelt pledd om du frys lett. Når ein skal dusje må ein gå til Nordfjordhallen som ligg i kort gangavstand frå skulen.

 


Mat under festivalen

Fredag 29. mars

17:00-19:00 Middag, Pizza

22:00-24:00 Kveldsmat

Laurdag 30. mars

08:00-10:00 Frukost

12:30-14:30 Lunsj, Pizzabaguett

16:30-18:30 Middag, Taco

22:00-24:00 Kveldsmat

Søndag 31. mars

07:30-19:15 Frukost

11:30-13:00 Lunsj, Pastasalat

Frå kl.14:30 Kan ein hente baguettar til å ta med til reiseniste, i kantina på Måløy Vgs.

Det blir alternativ for alle som har meldt inn allergiar og vegetar. Denne maten vert laga klar til serveringa startar. Det er difor fint om alle med allergiar og vegetar går til mat når starttidspunkt for servering er.


Kva må du ha med på ukm-festivalen Sogn og Fjordane?

  • Instrument/anna utstyr til opptredenen.
  • Kopi av playbackfil til sceneinnslag (gjeld dei som har gått vidare med playback).
  • Rekvisittar/kostyme.
  • Kle for varmt og kaldt vêr.
  • Sovepose og pute.
  • Liggeunderlag/luftmadrass (om du frys om natta, ta med pledd).
  • Toalettsaker.
  • Handkle.
  • Eventuelle medisinar.
  • ID-kort (som bankkort eller elevkort).
  • Lommepengar (Alle arrangement og måltid i regi av UKM-festivalen Sogn og Fjordane er inkludert).
  • Hugs reiseforsikring og eventuelt instrumentforsikring/forsikring av utstillingsarbeid.
  • Ladar til elektriske duppedittar som mobil.
  • Du bør ikkje ta med dyre gjenstander, smykker og anna med høg personleg verdi

 


Ordensreglar

For at alle som deltek på UKM-festivalen Sogn og Fjordane skal ha ei god oppleving og kunne yte sitt beste, gjeld desse ordensreglane for arrangementet:

  • Det skal vere ro i sovesalane kl. 00:00
  • Alle deltakarar må møte presis til prøvar, framsyningar og arrangement.
  • All bruk av rusmidlar er forbode, og brot fører til heimsending for eiga rekning.

Eg har allergiar eller anna behov for tilrettelegging

Dersom du har behov for spesiell tilrettelegging på nokon måte, så gje beskjed til kommunekontakten din.


Alle framsyningar blir sendt på nett!

Alle framsyningar i Nordfjordhallen blir filma av UKM Media og sendt direkte på nett i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane.

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje ønskjer å bli filma, er det viktig at du gjev beskjed til kommunekontakten din om dette.


Billettar

Billettar til sals her: https://tikkio.com/tickets/5191-ukm-fylkesfestivalen-sogn-og-fjordane-2018