Unge arrangørar, konferansierar og UKM media

Informasjon til unge arrangørar

Kommunane kan sende vidare unge arrangørar til UKM-festivalen Sogn og Fjordane.

Unge arrangørar skal jobbe med oppgåver som

  • backstage/artistvert
  • publikumsvert
  • sekreteriat
  • sceneteknikk
  • lydteknikk

Fredag 29. mars (tidspunkt vert oppdatert) vert det felles møte med alle unge arrangørar. Her vil ein bli kjent med kvarandre og vite meir om arbeidsoppgåvene for helga.

 

Informasjon til konferansierar

Kommunane kan sende vidare konferansierar til UKM-festivalen Sogn og Fjordane.

Dei som får delta som konferansierar blir møtt av ein eigen coach når dei kjem til festivalen. Denne personen har lang erfaring frå å stå framfor eit publikum og er oppteken av formidling. Saman skal de bli trygge på jobben og stråle frå scena!

Konferansierar vil ha Helena Bremer Farsund som sin mentor under fylkesfestivalen. Fredag 29. mars (tidspunkt vert oppdatert) vert det felles møte med alle konferansierane.  Her vil ein bli kjent med kvarandre, få vite meir om, og fordele om arbeidsoppgåvene for helga.

 

UKM Media/festivalredaksjonen

Kommunane kan sende vidare deltakarar til ein festivalredaksjon med ungdom som skal jobbe under UKM-festivalen Sogn og Fjordane.

Festivalredaksjonen kan mellom anna jobbe med:

  • nettartiklar
  • sosiale mediar
  • videoreportasjar
  • foto generelt

Kari-Louise Morgan og Ingeborg Langeteig skal vere redaksjonsleiarar. Fredag 29. mars vert det felles møte med alle som skal vere med i redaksjonen. Her vil de bli kjende med kvarandre, og bli einige om arbeidsoppgåvene for helga.

Utstyr:

Du kan/bør ha med

  • Eigen PC
  • Spegelreflekskamera
  • Mobiltelefon

Les intervju med redaksjonsleiarane her: https://liker.ukm.no/2019/01/04/disse-skal-hjelpe-deg-med-tekst-foto-sosiale-medier-og-video/ 

Bilde: Kari-Louise og Ingeborg saman med redaksjonsleiarar frå andre fylke. Foto: UKM Norge