Workshop

Under UKM-festivalen kan deltakarane delta på mange ulike workshops. Det er muleg å delta på to ulike i løpet av festivalen, ein laurdag og ein søndag.

Tidspunkt for workshops:

Laurdag 30.03 kl. 10:15 – 13:00

Søndag 31.03 kl. 09:30 – 12:30

 

 

Dans

Kursholder: Christine Midtgaard Gaustad.

Christine Midtgaard Gaustad er 38 år og utdanna ved Bårdar Akademiet i Oslo, kor ho tok bachelor i dans med hovedfaga klassisk ballett, moderne og jazzdans.
Christine har dreve eiga dansegruppe og vært dansar i oppsetningar som «Cats» i Oslo spektrum, «Draumen om Narnia» på Det Norske Teater, samt «Eugene Onegin» og «Hertuginnen av Chicago» ved Opera Nordfjord. Christine har også koreografert ved Opera Nordfjord og til ei rekke festivalar, revyar, moteshow og danseshow rundt om i Norge. I dag driv ho sitt eige dansestudio, C-studio, med 5 avdelingar i Bergen og 1 i Måløy. På danseworkshop får du innlæring i tradisjonell jazzteknikk, samt lære ein koreografi i sjangeren Showdans. Det er maks 20 plassar per dag, så her er det berre å kaste seg rundt. Velkommen til ein dag fylt med mykje energi og danseglede!

Antall plasser pr. workshop: 20

Trykk her for å melde deg på laurdag kl 10:15

Trykk her for å melde deg på søndag kl 09:30

 

 

 

Workshop i improteater

Kurshaldar: Torunn Lødemel Stokkeland

Torunn Lødemel Stokkeland bur i Hornindal og jobbar som freelance skodespelar. Ho har jobba en del med film og tv og har vore skodespelar i filmar som mellom anna Trolljegeren, Løvekvinnen, 5 løgner og i tv-seriar som En natt og Lovleg. Sist var ho å sjå som Miss Hannigan på Opera Nordfjord i musikalen «Annie». No har ho regien på lystspelet «Elskhug og Eksis» på Nordfjordeid, som har premiere til sumaren.

Dette er ein workshop for dei som har lyst til å sleppe seg litt laus og være med å leike seg på golvet. Vi skal jobbe med teaterøvelsar som fokusera på evna til å lytte, kommunisere, være tilstades og byggje på kverandres idéar, og korleis dette til slutt kan bli til ei framsyning i seg sjølv.

Antal plassar pr. workshop: 20

Trykk her for å melde deg på laurdag kl 10:15

Trykk her for å melde deg på søndag kl 09:30

 

Låtskriving

Kurshaldar: Jackbow

Jackbow frå Eid består av Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jakob Hagen (bass) og Karl Oskar Nyberg (trommer). Jackbow er eit godt eksempel på korleis hard og målbevisst jobbing gjev resultat. Dei vann Blest prisen for årets nykommar 2018 og dei har mellom anna varma opp for Oslo Ess og spelt for fulle hus på Malakoff. I denne workshopen tar dei deg gjennom prosessen med å skrive din eigen musikk. Du får gode råd og skal jobbe kreativt med eigen tekstskriving.

Antal plassar pr. workshop: 15

Fullsatt, laurdag kl 10:15

Trykk her for å melde deg på søndag kl 09:30

 

 

 

Sceneopptreden

Kurshaldar: Jørn Trollebø Kvalheim

Jørn Trollebø Kvalheim er ein Måløyværing busatt i Oslo der han lever fulltid av å spele musikk. Han starta i korps før han begynte å spille i band og deltok på UKM for fyrste gang i 2009 og har sidan den gong spelt opp mot 500 konsertar, deltatt på «Idol», med henholdsvis 2. plass i sekken, vert med i 7 forskjellige band, har ei solokarriere og spelt frå Kirkenes i nord til Bergen i vest og Sarpsborg i aust. Med erfaringar frå festivalspelejobbar på Malakoff til eventspeling for store selskap i Oslo til pubjobbar i heile Norges land har han stått foran eit veldig bredt spekter av publikum.

I denne Workshoppen får du innsikt i sceneopptreden; korleis det er å stå på ei scene, korleis å handtere forskjellige situasjonar og kanskje korleis du kan finne den artisten/musikaren/personen du vil vere på scena.

Antal plassar pr. workshop: 25

Trykk her for å melde deg på laurdag kl 10:15

Trykk her for å melde deg på søndag kl 09:30

 

 

 

Foto og redigering

Kurshaldar: Lindsey Bundschuh

Lindsey Bundschuh kjem fra Canada, men har budd litt mellom Norge og Canada dei siste ti åra og busette seg fast med familie på Stadtlandet for 5 år sidan.

Ho har fotografert i lag med tvillingsystra si i seks år. Dei fotografera nesten alt, mellom anna reklamekampanjar for Bik Bok, Billabong, Pierre Robert med fleire. Om sommaren er dei opptekne med bryllaupsfotografering verda over; Mexico, Noreg, Hawaii og Canada. I mellom disse oppdraga skapar dei óg innhald for fleire ulike bedriftar innan kle, mat og yoga. Deira store lidenskap er likavel å fotografere familie, baby og gravide.

Lindsey brukar naturleg lys når ho fotografera og ho likar å dokumentere ekte augeblikk, natur, følelsar og bilder som har ei forteljing. I denne workshopen vil ho dele med deg viktigheita av lys, komposisjon og viktigst av alt korleis du kan bruke din eigen kreativitet for å skape eit bilete. Det blir leik og eksperementering med ulike poseringar, vinklar, redigering med Iphone app og grunnleggande fototeknikkar. Ho vil dele sine erfaringar, svare på spørsmål og hjelpe deg til å bli enda meir interessert i fotografi! Workshopen vil foregå på engelsk, men Lindsey har med seg ein assistent som overset om der skulle oppstå nokon språkutfordringar. Workshopen passar for alle, uansett om du er profesjonell eller nybegynnar. Ta med eige kamera eller mobiltelefon.

Antal plassar pr. workshop: 12

Fullsatt, laurdag kl 10:15

Fullsatt, søndag kl 09:30

 

 

 

E-sport

Kurshaldar: Geir Arne Solheim v/ Operation Archery e-sports

Operation Archery er oppteken av å byggje komplette spelarar. Ikkje berre når ein spelar data, men i alt ein gjer elles i livet. Ein spelar som er i god form, gjer det godt på skulen, et riktig, søv nok, er sosial, er flink å samarbeide og har gode haldningar vil verte ein veldig god dataspelar òg! Visjonen til Operation Archery e-sports er å utvikle verdas beste spelarutviklingsprogram saman med ei rekke samarbeidspartnarar lokalt og nasjonalt – samstundes som dei skal kick ass i turneringar! Har du lyst å lære om korleis du kan bli en god gamer, så meld deg på denne workshopen!

Antal plassar pr. workshop: 10

Trykk her for å melde deg på laurdag kl 10:15

Trykk her for å melde deg på søndag kl 09:30

 

 

 

Malekunst

Kurshaldar: Rune Furelid

Rune Furelid er utdanna økonom og jobba tidlegare med eigedom, men etter ei dramatisk motorsykkelulykke der han i 2 år satt i rullestol, lam i begge beina, endra han fokus og begynte å male i mars 2014. I 2015 blei han tatt opp som elev hos Odd Nerdrum og fikk raskt merksemd frå både lokale og nasjonale media for maleria hans som kombinerer klassiske og moderne teknikkar. Dette resulterte i mange fargerike maleri som vanlegvis sel raskt i Norge og ellers rundt om i verden. Han er representert i private samlingar i Spania, Singapore, Sverige, Danmark, USA og Italia. I dag har han sitt eige galleri i Ålesund, der han også har malestudio/atelier.

I denne workshopen vil han lære deg teknikkar innan malekunst. Av praktiske grunnar vil kurset bruke akrylmaling på lerret. Rune Furelid har også 5 år med filmskule bak seg, med regi og manus frå den norske filmskulen på Lillehammer. Han vil fortelje om korleis han brukar mange av fortellarelementa frå film når han lagar maleria sine.

Du kan følge han og sjå verka hans på instagram under namnet: runefurelid

Antal plassar pr. workshop: 10

Fullsatt, laurdag kl 10:15

Fullsatt, søndag kl 09:30

 

 

 

Husband

Besetning: Inge Ronny Kvåle – kapellmester og multiinstrumentalist, Henrik Hovland – gitar, Sondre Veland- trommer, Håvard Henriksen – bass, Ole-Petter Ålgård – tangentar

Dette er ein workshop for deltakarar som har sceneinnslag og vil bli akkompagnert av husbandet.

Husbandet skal gje deltakarane moglegheit til å få oppleve å spele med erfarne musikarar og lære seg korleis ein får musikk til å låte bra i «real time». Musikarane i husbandet veit kva som skal til for å løfte deltakarane til nye høgder og få innslaget til å skinne.

Vi vil anbefale alle deltakarar som nyttar playback eller opptrer åleine med instrument og vokal til å prøve dette tilbodet. Husbandet får oversikt frå oss på kva låt du skal opptre med, slik at dei kan lære seg din versjon av songen. Dette vil bli ein lærerik workshop for dei som ynskjer å bli backa opp av eit band på scena og det vil kunne løfte din opptreden under UKM-festivalen.

Antal plassar pr. workshop: ikkje satt

Det er ledige plassar på denne workshopen. Ta kontakt med din kommunekontakt.

 

 

 

Pianist

Pianist Jon Kristian Bye.

Dette er ein workshop for klassiske deltakarar som har sceneinnslag og vil bli akkompagnert av ein klassisk pianist. Kanskje spelar du cello, fiolin, fløyte eller skal syngje ein arie? Det vert satt øvingstid til dei som ynskjer å nytte seg av pianist i den oppsatte workshop tida. Vi tilpasser tid pr. deltakar utifrå melodi og antal deltakarar som melder seg på.

Antal plassar pr. workshop: ikkje satt

Det er ledige plassar på denne workshopen. Ta kontakt med din kommunekontakt.

 

 

 

Leik med URG

Ein workshop for dei som ikkje veit heilt kvar dei skal plassere seg. Workshopen vil bestå av leikar arrangert av URG, kva for leikar vi skal ha, vel vi sjølv! Det er alltid kjekt med ein ny leik!

Antal plassar pr. workshop: ubegrensa!

Trykk her for å melde deg på laurdag kl 10:15

Trykk her for å melde deg på søndag kl 09:30