UKM-Sula 2018

UKM-Sula 2018 skjer i Sulahallen fredag 02.mars. Unge mellom 10 og 20 år kan delta.


Du kan melde på alt som kan visast fram på en scene eller i ei utstilling. Du kan delta aleine, i lag med ein venn eller i ei gruppe. UKM er ein plass for å møte andre, ha det gøy, få inspirasjon, bli trygg, og øve seg på å stå på ei scene. Ingenting er for bra eller dårlig til å delta!

For bli valgt til å representere Sula på fylkesmønstringa må du vere mellom 13-20 år. For grupper/band må meir enn halvparten vere mellom 13 og 20 år.

Alle deltakarar er også med i trekninga av eit gavekort verdi 1000kr på Moa Amfi!

Innlevering av kunst-bidrag og lydprøver for deltakerane vil skje torsdag 01. Mars kl 18.00-20.00.

For publikum: Inngang fredag 02.mars kr 50 for vaksen, kulturrabatt for ungdom 15-20 år kr 35, barn under 15 år gratis. Dørene åpnar kl 17.30