UKM kjem til Sula Ungdomskule!

Vil du vite meir om UKM-Sula?   Torsdag 10.

Vil du vite meir om UKM-Sula?  

Torsdag 10. januar kjem vi til Sula Ungdomskule!

Ungdomsrådet og UKM ambassadørar vil informere elevane i Amfiet kl 10-11. I langfri vil vi ha UKM-stand der du kan du sjekke ut alt det spennande du kan være med på når UKM arrangerast-fredag 8.februar i Sulahallen! UKM-ekspertane fra kulturavdelinga kan hjelpe deg med å svare på spørsmål, vise deg UKM-filmopptak, hjelpe deg med påmelding og anna.

Du kan være med som arrangør, deltakar eller publikum. Om du vil vere arrangør eller deltakar, må du melde deg på før fristen fredag 1.februar 2019! Som arrangør kan du hjelpe til på UKM-arrangementet den dagen det er UKM. Som deltakar er du med på utstilling eller på scene. Utstillingsgjenstandar kan være laga heime, på skulen/kulturskulen eller anna. Gjenstandar kan for eksempel vere: foto, maleri, tegningar, figurar, film (både vanleg film og animasjon), graffiti, skulpturar, origami (papirbretting) og mykje meir. Utstillinga vil vere i inngangen til Sulahallen og vil også bli vist på storskjerm under UKM forestillinga. På scena kan du opptre med teater, sang, trylling, dans, buktaling, sketsjar, musikk (både klassisk, rock, pop og anna), sjonglering, standup og mykje anna som kan vere gøy å vise fram for et publikum. Ein kan opptre solo eller i gruppe/band. Vi sjåast på Sula U på torsdag!