UKM 2019- Info til deltakerar!

Til alle deltakarar av UKM-Sula 2019! Det blir lydprøver i Sulahallen torsdag 7.februar 2019.

Alle deltakarar som skal delta på scene(musikk, dans, anna på scene) må møte til lydprøver. Vi startar opp med litt info kl 18.00, og så vil lydprøvane følge rekkefølge på programmet. Rekkefølge på programmet vil komme onsdag. 6.februar.

Om du skal synge med playback musikk må ha med seg lydfil sjølv. Playback fil bør vere nedlasta på førehand.

Innlevering av kunst til utstillinga blir også i Sulahallen torsdag  7. februar mellom kl. 18.00-20.00.

Fredag 8.februar: PÅ SJØLVE DAGEN: Oppmøte for deltakarane 17.15. Garderober vil vere tilgjengelige for deltakerane. Deltakarane kan opphalde seg i garderober eller i hallen under forestilling, det er viktig at du sjølv følger med i programmet og går til scena og ventar når dei før deg i programmet går på scena.

Viktig info vil bli sendt ut på sms til kontaktpersonar, kontaktpersonar må gi vidare info til dei andre deltakarane i si gruppe.