UKM-Sula- tilbake til Friheim!

UKM-Sula 2020 går av stabelen søndag 8.mars 2020-på Friheim! UKM-(Ung kultur møtast) handlar om å gi ungdom ein plass der dei kan vise fram kva dei kan, noko dei brenn for eller prøve noko helit nytt! UKM handlar ikkje om

UKM-Sula 2020 går av stabelen søndag 8.mars 2020-på Friheim!

UKM-(Ung kultur møtast) handlar om å gi ungdom ein plass der dei kan vise fram kva dei kan, noko dei brenn for eller prøve noko helit nytt! UKM handlar ikkje om å konkurrere. UKM handler om å ha det gøy, vere saman, skape noko nytt, inspirere og lære av kvarandre. I år flyttar vi UKM tilbake til Friheim, ikkje for å gå eit steg tilbake, men for å prøve oss på noko nytt! Vi vil at UKM skal vere ein heil dag der deltakarane får førebu seg, vere meir i lag, få råd og tips og tilslutt vise fram sitt bidrag til eit publikum. Vi håper at søndag 8.mars vil Friheim yre av liv fra morgon til kveld! Lydprøver, førebuingar, felles måltid, profesjonell tilbakemelding, tips og triks, sminke og styling backstage og tilslutt ei forestilling for publikum med fullsatt sal! Ungdomsrådet vil sjølvsagt framleis ha rolla som unge arrangørar! Dei vil mellom anna vere i sving både som scenemedarbeidarar, konfransierar og representert i fagpanelet. Til saman håper og trur vi at dette vil gjere UKM enda bedre! Bli med! Påmeldinga er åpen!