Workshop i Cyanotypi med Telemarkskunstnaren Ånond Versto

Vi har gleda av å tilby workshop i Cyanotypi med Telemarkskunstnaren Ånond Versto. Cyanotypi er ein svært enkel fotokjemisk prosess, kjent som blåkopi på folkemunne.

Vi har gleda av å tilby workshop i Cyanotypi med Telemarkskunstnaren Ånond Versto. Cyanotypi er ein svært enkel fotokjemisk prosess, kjent som blåkopi på folkemunne.

Ånond seier dette om workshopen sin: I workshopen vil eg forklare denne prosessen, samt veilede deltakarane i eigne eksperiment. Kjemikalia som nyttast er vannløyselege og kan målast på ulike stoff som papir, lærret, treverk e.l. Når stoffet blir belyst med UV-strålar får det ein karakteristisk djup blåfarge. Det er difor svært enkelt å framkalle såkalla fotogram med denne teknikken. Ved å leggje gjenstandar, pulver, matt glas o.l. over kjemien blir skuggane av desse tinga ståande som kvite former mot ein blå bakgrunn.

Klikk her for påmelding