Vindafjord og Etne samarbeider om å arrangera UKM! Det skjer på Ølen kulturhus 25. mars.

Er du glad i musikk, dans og drama, eller film, foto og kunst? Kva med legobygging, stand-up, og trylling? Eller kanskje du heller kunne tenkja deg å vera konferansier? Meld deg på og vis kva du kan!

På UKM kan ein delta med alle kulturutrykk, enten du likar å synga, dansa, fotografera, mala, teikna eller skriva. Du kan enten visa fram noko du er god til, eller læra noko nytt, enten på eller bak scena.

Du kan delta på UKM frå det året du fyller 10 år, og til det året du fyller 20 år. Viss du er med i ei gruppa, må halvparten av gruppa vera mellom 13-20 år.

Ungdom i alderen 13-20 år kan bli sendt vidare til fylkesmønstringa. I år er fylkesmønstringa i Rogaland lagt til Sandnes, og i Vestland/Hordaland er ho lagt til Fitjar.

Kommende arrangementer

Ingen planlagte arrangementer akkurat nå.

Tidligere arrangementer

LØR
25
MAR 2023
Vindafjord og Etne

Dreganesvegen 40, 5580 Ølen

LØR
19
FEB 2022
Vindafjord og Etne

Ølen Kulturhus

LØR
13
MAR 2021
Vindafjord og Etne

Ølen Kulturhus

LØR
08
FEB 2020
Vindafjord

Ølen Kulturhus - Sjøperlo

Vis flere