– Frå sminka vert lagt, til den renn vekk med tårene
Vi fulgte John Harman Bratland og Indigo Child gjennom den store MGPjr-dagen. Sjå billedgalleriet her!

Bandet Indigo Child og John Harman Bratland er årets UKM-innslag i pausen under MGPjr. Her finn du bileta som vart tekne underveis!

Inn imellom 3,5 fullasta NRK-bilar og ein drøss svartkledde lyd, lys – og kamerafolk, kjem UKM-squaden (er squad fortsatt hipt?) vandrande.

Noko av dei første på timeplanen er å få på plass «in-ears» som gjer at John og bandet kan høyre seg sjølv mens dei står på scena. – Må vi ha dei i før vi skal på scena?! Eg føler dei utvider øyrene mine når eg har dei i! kommenterer Maren.
ALLE må innom sminkestolen, der TV-sminka vert lagt. Med sterke lyskastarar er det nødvendig for ikkje å etterlikne eit lik!

– Som sminkeentusist har eg gått rundt å vore nervøs lenge for at nokon andre skulle legge sminka mi! sa Sunniva i Indigo Child om opplevinga i sminkestolen.

John Harman Bratland og Johan og Karl Oscar (/Kallo) frå Indigo Child brukte ventetida i garderoben på følgande: 1) spele gitar, 2) leite etter det eine spesielle plekteret som John mista og måtte finne igjen og 3) spele dataspel med sauelydar.

Sunniva sjekka sminka, tok opp ein augebrynspenn/highlighter/leppestift, gjorde ein liten justering, og tok opp mobil-speilet igjen. Slik gjentok prosessen seg fleire gongar. – Sminka må vere perfekt når du står på scena framfor heile Norge!
Fotograf: «Ok Sunniva, still deg i bakgrunnen og ta ein selfie. Martha, sjå sassy ut». Begge to: «Herregud nei, kvifor?!». Slik vart resultatet.

Maren nyt eit velsmakande shot eucalyptus-honning, som skal hjelpe mot forkjølelse og å halde stemma klar.

Ein nesten samla gjeng ser igjennom opptaket frå generalprøva. Unntatt Sunniva: – Eg ser det seinare, må analysere.
Kamerateamet venta ein å sjå dempa reaksjon i etterkant av opptredenen, slik som etter generalprøva. I staden var det ein variert bukett av kjensler som møtte oss. (OBS Sjeldent syn: Johan smiler!!!)