Nominerte frå Fjord kommune 2020

Legg merke til at det ikkje lengre heiter vidaresending, men nominasjon.

Legg merke til at det ikkje lengre heiter vidaresending, men nominasjon. Det inneber at ein ikkje automatisk går vidare, sjølv om ein er med på fagpanelet si prioriterte liste etter lokalmønstringa. 

UKM fylke vel å gjere det slik på grunn av omlegginga av fylkesfestivalen, som m.a. krev ei anna form for handtering med tanke på kapasitet. Framleis vil det vere fokus på dette med fordelinga av deltakarar kommunene imellom, men i år vil ein ha eit ekstra fokus også på dette med at dei ulike uttrykka vert representerte.

Fagpanelet har nominert fyljande innslag:

Scene:

  • Inga Lill Nydal (vokal, klassisk)            «Vedrai Carino»
  • Teamtrack (akrobatikk)                  «The only way is up»
    Andreas Færøy Stavseng, Isak Hauglid Tafjord, Malene Olsen Almås, Martin Lien, Natalia Zofia Rachanska, Remy Nyli Johnsen og Sergiusz Socki
  • Wiktoria Julia Mezyk (piano)              «Til Elise»
  • Ole Martin Bjørneberg (vokal)           «Tears in heaven»

Utstilling:

  • Petter Sigurd Jemtegård                      «Pokémon Charmander» og
                                                           «Trekant teppe»
  • Sanne De Vrieze                                     «Sjølvportrett»
  • Mia Benedicte Hoff Soltveit               «Punk´s not dead» og
                                                                        «Billy Joe»
  • Petter Sigurd Jemtegård                      «Krabbemann»

Konferansier:

  • Levent Øcalan og Ailin Vidhammer


UKM-festivalen for Møre og Romsdal vert arrangert i Kristiansund, 30. april – 3. mai. Vi ber alle dei nominerte halde av datoane, sjølv om vi enno ikkje veit om alle blir videresendt. Svaret på dette får vi rundt 15. mars.

Dersom nokon ikkje kan/ikkje ønskjer å delta på fylkesfestivalen, ta kontakt med UKM-kontakta i Fjord kommune.