Vidare til digital fylkesmønstring – 2021
Til tross for korona fekk vi arrangert UKM-lokalmønstring der alle påmeldte fekk vise fram det dei liker å drive med, i vår flotte...
Til tross for korona fekk vi arrangert UKM-lokalmønstring der alle påmeldte fekk vise fram det dei liker å drive med, i vår flotte kunstutstilling og på storscena.
Mønstringa vart køyrt uten publikum, men fredag 26.mars klokka 19:00 blir det lagt ut ein stream på våre UKM-sider, der ein kan sitte heime i egen stove og sjå heile mønstringa!
Årets lokalmønstring vart ein flott dag med mange påmeldte frå både Vik, Luster og Sogndal kommune. Med så mange flotte sceneinnslag og kunstverk hadde fagpanelet ein vanskeleg jobb framfor seg, når dei skulle plukke ut kven som skal vidare til den digitale fylkesmønstringa.
Deltakarane dei endte opp med å plukke ut er:
Frå Sogndal
- Anette, Kari og Louise med «Say a little prayer»
- Pentagon med «Swine»
- Anette Menes med «Portrett av gammel mann»
- Idunn med «Lemon» og «Blue»
- Meline Brandshaug med «Kattejakt»
- Børge Furnes med «Nobel hytteboer»
Frå Luster
- Traktorvafler med «Dean Town»
- Passion med «Fast and the freakiest»
- Louise Kjinbajl med «Plexiglass med glitterskrift»
- JHV med «Alveportrett»
Frå Vik
- Eirin Berdal med «A natural woman»
- Susanne Tenold Saglien med «You raise me up»
- Malin Amundsen med «Måneskinnskveld» og «Jente i blått»
- Dina Amundsen med «Hjerneblødning»