No er planen klar – det blir tre fylkesfestivalar i UKM!

Fylkeskommunen vil vise fram mangfaldet og breidda som finst blant unge sine kunst- og kulturuttrykk. I år blir det heile tre fylkesfestivalar i Møre og Romsdal!

UKM (Ung kultur møtes) er fylket sitt største kulturarrangement for barn og unge, og ein viktig arena både lokalt og regionalt. 

I år blir festivalane arrangert i november, i desse kommunane:

  • Hustadvika 6. november
  • Rauma 13. november
  • Ørsta 20. november

«Vi ser fram til tre fantastiske festivalar i år! Ungdommane som deltek får god tid til å arbeide med profesjonelle mentorer før showet, som startar klokka 15. Vi håper på eit stort publikum som vil sjå kunst og kultur for barn og unge på høgt nivå!»

Er du nysgjerrig på festivalane som vart arrangert i fjor? Dei kan du sjå her.