alert

Avlyst!

UKM blir dessverre avlyst på grunn av dei nye forsterka smitteverntiltakene.

UKM står for Ung kultur møtes og er ein møteplass for ungdom og kultur kor ein skapar noko saman. Kvart år i februar arrangerer me UKM lokalfestival i Samnanger. Her kan du visa fram det du brenn for og det du syns er kjekt.

I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er innan musikk, dans, teater, litteratur, film, foto, kunst, matkultur, elle anna som kan visast fram på scena eller i ei utstilling. Ein kan også melda seg på som konferansier, og vel sjølv om ein vil melda seg på som enkeltperson eller saman med ei gruppe.

I år blir UKM lokalfestivalen i Samnanger litt annleis. Me kjem i år til å laga ein digital UKM festival der me tar opp alle innslaga på video (det blir ikkje streamet). Nokon av innslaga blir kanskje publiserte på Facebook eller nettsida til kommunen (etter avtale med deltaker/foreldre). Deltakarane som har meldt på sceneinnslag møter opp kl 17 på laurdag 13. februar. Her blir det opptak av alle innslaga som er melde på. Eit fagpanel vil sjå igjennom alle innslaga samt alt av kunst som er sendt inn og nokon vil i etterkant få tilbod om å delta på UKM fylkesfestivalen. 

Vil du vera med? Då er du kome til rett plass. Frist for påmelding er måndag 08. februar!

UKM-fylkesfestival
Nokon av deltakarane på lokalfestivalen i Samnanger vil i etterkant få tilbod om å delta på UKM-fylkesfestivalen. Aldersgrensa for å delta på UKM-festivalen er 13-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 13 til det året ein fyller 20. Denne festivalen blir også digital. Mer informasjon om dette vil komme frå Fylkeskommunen. 

Aldersgrense
Aldersgrensa for UKM-lokalfestival i Samnanger er 10-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 10 til det året ein fyller 20. For å få tilbod om å bli sendt vidare til fylkesfestivalen må ein vera mellom 13 og 20.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.

... Les mer
Nettpåmeldingen er stengt. Hvis du vil melde deg på, eller endre din påmelding, kan du snakke med kontaktpersonene.
Kontaktpersoner
Er du mellom 10 og 20 år? Då kan du melda deg på UKM no.