Digital sending 2021

UKM vert i år sendt som ei digital sending.

UKM vert i år sendt som ei digital sending. Vi har spelt inn og laga klar 16 innslag, som vert vist i ei direktesending frå Landsbyhuset Breidablik laurdag 17. april kl 16:00. Du vil finne sendinga på Sande NettSyn sin YouTube kanal. Der vil den også vere tilgjengeleg å sjå i ei veke etter sendinga. Så om du ikkje har tid kl 16 på laurdag, så har du fleire høver.

Det er nærmare 40 ungdomar som er med som deltakarar på UKM i år. Vi har dansarar, songarar, stand-up komikar, kunstnarar, filmregissørar, animatørar, arrangørar og programleiarar. Det er berre å glede seg.