les mer
alert

Viktig info!

Bli med på ein kreativ UKM haustferie med Julia Kröner Venø sitt Re Design T-shirt workshop.For deg mellom 12 – 20 år som bur eller er på besøk #einstadistad.Aldersgrensa gjeld det året du fyller eller har fylt år. 🙂Ein melder seg på kurset ved å trykke Start påmelding.På dette kurset har ein plass til 5 ... Les mer
Nettpåmeldingen er stengt. Hvis du vil melde deg på, eller endre din påmelding, kan du snakke med kontaktpersonene.
Spørsmål?

Bli med på ein kreativ UKM haustferie med Julia Kröner Venø sitt Re Design T-shirt workshop.
For deg mellom 12 – 20 år som bur eller er på besøk #einstadistad.
Aldersgrensa gjeld det året du fyller eller har fylt år. 🙂
Ein melder seg på kurset ved å trykke Start påmelding.
På dette kurset har ein plass til 5 deltakera. 
Treng du skyss må du melde deg på via egen link som du finn lenger ned på sida.

Dette må du ta med deg:
– Gammal bomull t – skjorte. MÅ vere bomull!
– Ting du vil bruke til collage på t – skjorta
– Positiv energi 🙂
– Niste/snacks/drikke

Dette får du tilgang til på kurset:
– Rekvisita som tørka blomster, farga papir, knappa, sløyfer.

Kurset er gratis:) Og du får sjølvsagt med deg nye art T skjorta di med heim:) 

Treng du skyss?
Bur du over gang/sykkel avstand og ikkje kjem deg til der W.S skal vere kan du melde deg på skyssordning. 
Påmeldingsfristen til skyss er samme som påmeldingsfristen til kurset: 7. oktober.
Egenandel 20 kr pr veg.
Trykk her for å melde deg på skyssen.

Julia Anna Maria Kröner Venø er motepedagog, motedesigner, mønsterskjærar og dameskreddar. Ho brukar sin internasjonale erfaring og sterke klesekspertise for å skape meningsfylt arbeid til fordel for regionen med ringverknadar vidare ut i verden. Julia og kunstnermannen Bjørn Venø driver landlig kunstorganisasjon Venø Gård KUNST. Dei jobbar saman med kulturprosjekt som har potensial til å stille spørsmål ved dagens verdisystem for å oppmuntre til alternative perspektiv og utforskning.

Ung Kultur Møtast #einstadistad
Denne workshopen er ein del av UKM #einstadistad 2021
som er Stad kommune si satsing på kulturelle møteplassar for born og unge i UKM alderen/målgruppa 10 – 20 år.
Aldersgrense og antall plassar vil variere.
Workshopsa er delfinansiert av UKM stimuleringsmidlar og er eit samarbeid mellom Stad kommune, UKM, lokale kunst og kultur aktørar og frivillige lag og organsisajsonar.
Vi nyttar og lokal transportmidlar for ungdom frå Vestland Fylkeskommune.
Vi føljer nasjonale retningslinjer for smittevern.