Det blir ei digital løsying der arrangementet blir med proft ljod og lys-show og med dommarpanel, men utan publikum. Me filmar alle innslaga og filmen blir lagt ut via kommunen si heimeside eit par dagar etter arrangementet. Alle deltakarar over 13 år kan gå vidare til fylkesfestivalen som blir arrangert hausten 2021. Aldersgrense for å melde seg på den lokale mønstringa er 10 år, og arrangementet er for barn og ungdom i Vinje.
Når du melder deg på godtek du at arrangementet blir filma og at filmen etterpå blir lagt ut via nettsida til kommunen. Det vil og bli laga ein liten film av Vi fritid av UKM, denne vil bli tilgjengeleg på nett saman med dei andre filmane av fritidstilbod i Vinje kommune.
Det er no ikkje fleire plassar på førestillinga, men det er framleis mogleg å melde inn produkt til utstillinga. Send e- post til Andrea om du ynskjer å melde på noko til utstillinga: andrea.kasbo.rygh@vinje.kommune.no
... Les merUKM i Vinje blir laurdag 29. mai i år. Det blir ei digital løsying der arrangementet blir med proft ljod og lys-show og med dommarpanel, men utan publikum. Me filmar alle innslaga og filmen blir lagt ut via kommunen si heimeside eit par dagar etter arrangementet. Alle deltakarar over 13 år kan gå vidare til fylkesfestivalen som blir arrangert hausten 2021. Aldersgrense for å melde seg på den lokale mønstringa er 10 år, og arrangementet er for barn og ungdom i Vinje.