Ei litt annleis lokalmønstring På grunn av pandemien vi står midt oppe i kan vi diverre ikkje gjennomføre UKM som tidlegare år. Vi ønskjer likevel å gje ungdom i Volda og Ørsta mulighet til å delta på UKM, og lokalmønstringa vert difor gjort om til ei digital mønstring i år. I tillegg vil alle kunst-bidrag verte ... Les mer
Nettpåmeldingen er stengt. Hvis du vil melde deg på, eller endre din påmelding, kan du snakke med kontaktpersonene.
Spørsmål?

Ei litt annleis lokalmønstring

På grunn av pandemien vi står midt oppe i kan vi diverre ikkje gjennomføre UKM som tidlegare år. Vi ønskjer likevel å gje ungdom i Volda og Ørsta mulighet til å delta på UKM, og lokalmønstringa vert difor gjort om til ei digital mønstring i år. I tillegg vil alle kunst-bidrag verte presentert gjennom ei kunstutstilling på Spinneriet i Volda. 

Laurdag 13. mars vil profesjonelle aktørar vere til stades i Kulturhuset i Ørsta for å filme sceneinnslaga. Dei påmelde får i forkant tilsendt eigne tidspunkt for oppmøte slik at vi unngår å samle mange på same tid. Videoane vert redigert og lagt ut på eigne plattformer i etterkant. 

Same dag får kunstnarane treffe ein coach i utstillingslokale på Spinneriet. Her får dei informasjon om korleis ein best presenterer verka sine på ei utstilling, og dei skal i samråd med coachen og andre kunstnarar sette opp utstillinga. Om det er mange påmelde delar vi deltakarane i mindre grupper for å overhalde smitteverntiltaka. Utstillinga vert ståande i 2 veker. Her kan ein melde seg på fram til 8.mars.