UKM-festival 23.april
Laurdag er det duket for festival i Utgard, og for fyrste gong skal det arrangeres kombinert lokalmønstring og fylkesfestival! Sidan dette er eit særarrangement har vi i UKM Norddalen planlagt eit heildagsarrrangement for alle seniorar (frå 13 -20 år), det
Laurdag er det duket for festival i Utgard, og for fyrste gong skal det arrangeres kombinert lokalmønstring og fylkesfestival! Sidan dette er eit særarrangement har vi i UKM Norddalen planlagt eit heildagsarrrangement for alle seniorar (frå 13 -20 år), det vil vera mat, sosialt opplegg og busstilbod til og frå lom heilt gratis for alle ungdommane. I tillegg er denne dagen planlagt i samarbeid med UKM Innlandet og dei har noko opplegg som streames direkte over heile fylket spesielt for UKM-ungdom.
Deltakarbussen køyrer frå Lesja kl 08 og er i Lom kl 10:15 slik at deltakarane får med seg ein heil dag stappfull med kultur. Detaljert info om bussen står i deltakarinformasjonen, påmelding til Eva Martinsen: 99009624 . Vi har forsøkt å fylle ein dag med sosial omgang, hygge og god stemning på ekte UKM-vis for å erstatte fylkesfestivalen. Fylkesfestivalen er til vanleg eit felles arrangement over ei helg med ungdom frå heile Innlandet, der det er tilbod om overnatting, workshops og mykje sosial omgang tettpakka i ei helg. Som deltakar vil du få mest mogleg ut av UKM hvis du er i Utgard heile dagen frå morgon til kveld.
UKM Norddalen har heilgardert seg med dyktige menneskjer som arbeider med å få dette spesielle arrangementet til å bli så kult som overhovud mogleg, nytt av året er at vi interegerer gaming både som eit scenisk innslag men også som tidtrøyte gjennom dagen, til å hjelpe med dette har vi med oss dei dyktige karane i Blue Elite Esports!
Det vil vera ein lang dag, men ein inntrykksfull og morosam dag utan like – særs no på slutten av ein pandemi. Målet er å få ei heilskapeleg festivaloppleving for ungdom på ein dag, og det vil til alle tider vera ansvarlege vaksne i Utgard i tilfelle noko skulle skje.
DAGSPLAN LAURDAG:
Kl. 08.30 – 11.00: Innsjekk v/ Unge Arrangører
Kl. 09.00 – 13.00: Lydprøver
Kl. 10.30: Deltakarbussen kjem
Kl. 11.00: Opningsshow i foajeen
Kl. 12.00 – 13.30: Lunsj
Kl. 14.00: Forestilling 1
Kl. 16.00 – 19.30: Lydprøver
Kl. 17.00 – 18.00: Middag
KL. 18.00: Inspirasjonsforedrag i foajeen m. snacks og godteri
Kl. 20.00: Forestilling 2
Rett etter forestilling er det kveldsmat og diskotek v/ UA
Kl. 24.00: Diskotek slutt og bussen går heim att
