UKM står for Ung kultur møtes og er ein møteplass for ungdom og kultur kor ein skapar noko saman. Kvart år arrangerer me UKM lokalfestival i Samnanger. Her kan du visa fram det du brenn for og det du syns er kjekt.
I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er innan musikk, dans, teater, litteratur, film, foto, kunst, matkultur, elle anna som kan visast fram på scena eller i ei utstilling. Ein kan også melda seg på som konferansier, og vel sjølv om ein vil melda seg på som enkeltperson eller saman med ei gruppe.
Vil du vera med? Då er du kome til rett plass. Frist for påmelding er fredag 18. mars!
UKM-fylkesfestival
Nokon av deltakarane på lokalfestivalen i Samnanger vil i etterkant få tilbod om å delta på UKM-fylkesfestivalen. Aldersgrensa for å delta på UKM-festivalen er 13-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 13 til det året ein fyller 20. Meir informasjon om fylkesfestivalen vil komme frå Fylkeskommunen.
Aldersgrense
Aldersgrensa for UKM-lokalfestival i Samnanger er 10-20 år. Det vil sei at ein kan delta på festivalen frå det året ein fyller 10 til det året ein fyller 20. For å få tilbod om å bli sendt vidare til fylkesfestivalen må ein vera mellom 13 og 20.
Kontakt oss gjerne om du har spørsmål.
... Les merUKM står for Ung kultur møtes og er ein møteplass for ungdom og kultur kor ein skapar noko saman. Kvart år arrangerer me UKM lokalfestival i Samnanger. Her kan du visa fram det du brenn for og det du syns er kjekt.