Informasjon til deltakerar

Her blir det langt ut informasjon til deltakarane og føresette.

Her blir det langt ut informasjon til deltakarane og føresette.
Oppmøtetid, tid for lydsjekk, rekkjefølge på scena, info om utstilling, mat, skysstilbod m.m.


Alle spørsmål kan stillast til UKM ansvarleg Maria Helgesen, 95869223, maria.helgesen@stad.kommune.no

Levering av kunsten
Kunst skal leverast på Stad hovedbibliotek i operahuset torsdag 3.mars kl. 17:00
Dei som kan vere der og hjelpe å henge opp kunsten sin er velkommen til det.
Har du problemet å komme til den tida, ta kontakt med UKM ansvarleg og gjer avtale om levering.
Det er viktig å ha merka kunsten sin med namnet ditt slik at det kjem lett tilbake til rett person.
Kunsten skal henge ei stund på biblioteket. So du treng ikkje tenke på å ta den med heim etter UKM.
Men om du vil ha det med deg med ein gong kan du sjølvsagt det. Gjer i så fall ei avtale om dette.
I tillegg til kunstutstillinga skal vi vise bilde av den på storskjerm i salen inn imellom scene innslaga.
Dei som ikkje kan levere kunsten på torsdag kan risikere at vi ikkje får tid å lage til bilde til visning i salen. Men det blir med i utstillinga og vurderinga til UKM Vestland om det kjem på plass etter avtalt tid.
Er det noko av kunstdeltakarane som har lyst å vere med på scena når sin kunst skal bli presentert?
Meld i frå til UKM Maria:)

Lydspor /link til musikk for dansarane og dei som skal ha playback:
Send inn snarast og seinast innan torsdag 3. mars .
maria.helgesen@stad.kommune.no

Oppmøtetid og viktig info for deltakarar søndag 6.mars :
13:45 Alle (både scene og kunst deltakarar) møter i Hertuginna, operahuset.
Her får de UKM band og felles informasjon.
(Dei som er forhindra å møte må gi beskjed til UKM ansvarleg)

Sjølv om ikkje kunstdeltakarane skal på lydsjekk og slike ting, håpar vi at mange har lyst å vere til stade sånn at vi kan møtast og ha det kjekt ilag.
Det blir mat, prat, spel, ope biblioteket og so blir jo det UKM show kl. 17.00.
Vi ynskjer og at alle deltakarane, både scene og kunst skal komme opp på scena etter siste innslaget.
(+ kino etterpå for dei som kan og vil det.)

14:00 Pizza og drikke – GRTAIS for deltakarane og UKM team 🙂
Matservering på same rom som felles informasjon.
Har du allergi? Meld inn til UKM ansvarleg innan fredag kl. 16.00.

Foreldre og andre kan kjøpe seg kaffi og lefser i kantina 🙂
Der blir og open kinokiosk i periodar.

Lydsjekk for dei som skal på scena.
14.45: Oppmøte for alle som skal på scena. (Stad: Hertuginna)
15:00 Lydsjekk startar
Rekkefølga på lydsjekk vil vere tilgjengeleg på rommet.
Viktig at alle deltakarane held kontroll på sin tur og held seg i avtalt område.
Pass på å vere heilt klar på greenrom 15 min før di tid.
UKM arrangør, Benedicte blir til stade og passar ekstra på at ein veit kor ein skal.
Benedicte kan hjelpe og svare på spørsmål om du har.

Deltakarane kan bruke garderobane nede og nærmaste klasserom til å sette frå seg ting, fikse seg o.s.v.
Romma vil vere merka med UKM logo.



UKM STAD 2022 – Let the show begin 🙂
16.45. Oppmøte før showstart. Alle som skal på scena møter på Hertuginna.
Programmet/ rekkjefølga vil ligge i rommet og du finn det her: (link kjem)

17.00 UKM stad startar i operasalen.
Masse lukke til 🙂
Når ein er ferdig på scena, går ein via greenroom og kan då sette seg i salen.
Det er god plass og fin plass på galleriet. (hugs å vere klar til å gå tilbake på greenroom etter siste innslag)

Det vil sitte eit fagpanel i publikum som skal velge ut nokre innslag som skal representere Stad kommune på UKM Vestland. Det er berre dei som er 13 år i år/har ein gjennomsnittalder i gruppa på over 13 år som kan bli vurdert. OM du /di gruppe som er innafor i alder ikkje har lyst å bli vurdert til å delta på fylkesfestivalen, kan de beskjed om dette til UKM ansvarleg. 🙂

Ca 18:20 er UKM slutt og ALLE deltakarane (både kunst og scene) skal gå bak til greenroom og opp på scena for ein stor applaus til slutt.
Ukm diploma blir delt ut bak scena før de fer heim.

Er det noko som helst som er uklar er det berre å ta kontakt.

For dei som er gamle nok og har lyst, er det kino rett etter UKM.
The Batman:)

Det blir sett opp skyss til ungdom mellom 13 og 20 år til og frå UKM.
Meld deg på her: Påmeldingsskjema skyss.
Skyssen går til UKM kl.: 17.00 med retur kl. 18.30 eller tilbake etter Batman filmen 21.30.
Det er viktig å skrive i påmeldinga kortid du skal ha returen.

Publikum:
Her kan ein kjøpe billett: Kjøp Billett.
Gratis for deltakarar og alle under 20 år!
Alle under 20 år som ikkje er deltakara må innom billettsystemet for å registrere sin Fribilett.