Workshops på fylkesfestivalen
Har du lyst til å lære deg noko nytt? Sjekk ut dei ulike workshopsa under

Oversikt over dei ulike workshopsa
Er du ikkje sikkert på kva ein workshop er? Workshop er eit undervisningstilbud, der du har moglegheit til å prøve og lære nye ting. Du treng ikkje forkunnskap om band, kor eller kunst for å kunne delta – bli med på noko nytt ? Bla ned over sida og sjå kvar workshopane skal vere!
Tirsdag 09:00 – 11:30
Tirsdag 14:30 – 17:00
Onsdag 09:00 – 11:30
Onsdag 14:30 – 17:00
Ope gamingområde med Metizport Academy – workshopen er i lokalet til Bergsøy skule, bygg A (1.etasje)
Metizport Academy har ope gamingområde, tirsdag og onsdag mellom 09:00 – 17:00.
Her kan du diskutere gaming på høgt nivå, og det blir FIFA-turnering, Mario Kart-turnering og moglegheit for spel som Rocket League, Fall Guys og Minecraft.
Metizport Academy representerar talentsatsinga til e-sportklubben Metizport. Med ei målsetting om å opne nye dører for barn og unge på gaming-feltet, har det primære fokuset alltid vore å tilby ein inkluderende arena. THE RISE OF METIZPORT – Bootcamp 2022 – YouTube

Visste du at Møre og Romsdal vant 1.plass i Mario Kart-turneringa på UKM-festivalen 2023? Klarer vi å få ein ny mester som skal representere Møre og Romsdal til UKM-festivalen 2024??
Teatersminke med Alvilde – workshopen er i lokalet til Bergsøy skule, bygg A (1.etasje)
Alvilde Kippersund har utdannelse frå Imageakademiet, der ho har spesialisert seg som makeup artist.
Alvilde skal halde workshop i teatersminke med SFX (special effects) på fylkesfestivalen, og vi gler oss til å sjå dei synlege resultata i gangane på festivalen. Sjekk gjerne ut Instagram-profilen til Alvilde.
Alvilde Kippersund (@alvildesteatertryner) • Instagram-bilder og -videoer

Band med Ludvik – workshopen er i lokalet til kulturskulen (bandrommet)
Ludvik Brune Leikanger studerar musikk ved Høgskulen i Volda, og gler seg til å ha workshop i band på fylkesfestivalen. Han har eit ønske om at dei som deltek på workshopen blir glade i sampel. Han seier at det er noko av det kjekkaste å gjere innanfor musikk. På workshopen til Ludvik vil du få lære korleis gå fram for å finne ut korleis bygge opp songen og bandet i lag med andre.
NB!! Workshopen er lågterskel workshop – det vil sei at den passar perfekt til deg som kanskje ikkje har spelt instrument før, eller har lyst å prøve eit nytt instrument du ikkje kan ?

Waacking / whacking med Gabriella – workshopen er i lokalet til kulturskulen (dansesalen)
Gabriella Adams Bratteberg kjem frå Volda og har studert street/club-dance ved Flow Dance Academy i Oslo og Paris. Vidare har ho teke studieturar til Cuba og New York for djupare forståing av dans og tilhøyrande kultur. Dei siste åra har ho arbeida som dansar til både konsertar som blant anna Karpe i Oslo Spektrum x 10, fleire musikkvideoar, X-Factor Danmark og reklamer – samt undervist dans for både unge og vaksne – i både Noreg, Danmark og Mauritius. Ho har i fleire år vore aktiv i ballroom og Vogue miljøet. I tillegg deltek ho jevnlig i danse battles både i Noreg og internasjonalt, i dansestilen W*acking.
Gabriella arbeidar også som prosjektleiar i Soul Sessions Oslo, som blant anna arrangerer Noregs største battle.
Wacking er ein dansestil street/club-dance sjangeren og kjem opprinneleg frå vestkysten i USA på 1970-talet. Det er ein dansestil som har sine røter disco, house og funk musikk. Wacking er ein dansestil som også vert rekna som ein funk-stil, under hiphop kategorien.
Det er ein klubbdans, også kalla social dance, som vaks fram i LA på 70-80 talet, i undergrunns black/latin LGBTQ-communities og på Soultrain. Det er ein dansestil som hentar inspirasjon frå det gamle hollywood, disco, funk, og groove. Det vært oftast dansa til disco, funk, soul eller house musikk men det som er ekstra kjekt med denne stilen er at det faktisk kan dansast til all mogleg musikk. På workshopen kjem du til å lære både teknikkar for improvisasjon og freestyle til eigen dans, samt koreografi i w*acking
Gabriella Riseo Adams B (@bellamiselami) • Instagram-bilder og -videoer


Kor med Elise – workshopen er i lokalet til Bergsøy skule, bygg B (2.etasje)
Elise Nærø vart bedre kjent for mange då ho dukka opp på tv-skjermen i The Voice – Norge beste stemme (2017). Høyr hennar blind audition her. Elise sang seg heilt til semifinalen i nest siste program. Her konkluderte mentor Martin med at ho har ein av Norges desidert beste stemmer.
Elise har sunge og laga songar heile livet. Berre 17 år ung vart ho tilbudt studieplass ved konservatoriet i Kristiansand (UiA). Ho er dermed av dei yngste som har kome gjennom dette nålauget. No har ho over 14 år erfaring som profesjonell songar, songpedagog, låtskrivar og pianist. Ho er den samme av og på scena; sprudlande, jordnær og ekspressiv.

Media med Martin – media har base på Bergsøy skule, bygg B (1.etasje)
Martin Giskegjerde kjem frå Giske utenfor Ålesund og er 24 år. Til daglig jobber han som videoprodusent i filmproduksjonsselskapet Oclin i Volda. Tidligere har han vore student ved Høgskulen i Volda på studieretningen PR, kommunikasjon og media. Han har erfaring som videojournalist for TV2 Nyhetene, gjort video- og fotooppdrag for Screen Story, Sunnmørsposten og monge fleire. Før studiet var han i førstegangstjenesten ved Forsvaret Kommunikasjon (FKOM) som filmfotograf, og blei etter førstegangstjenesten ansatt som foto- og videospesialist i Luftforsvaret med fokus på kommunikasjon av F-35-kampflyene.
Dei erfaringene han har fått av eigen deltaking på UKM media i fleire år har vore svært verdifullt, og har styrka ferdigheitene han har når det kjem til medieproduksjon. Han blir ofte omtalt som ein duracellkanin, og det gjenspeglar seg kanskje i alt han har gjort dei siste åra. Han blir motivert av å kunne lære bort tips og triks, og av det å kunne utveksle tankar for å bli betre i det ein gjer.
Han oppfordrar deltakarane til å ta med seg laptop, kamera med lader og minnekort, minnekortleser, og tilstrekkelig lagring på laptopen, eventuelt ta med ekstern harddisk for å kunne lage innhold underveis på festivalen.

Kunst med Heidi – workshopen er i lokalet til kuturhuset, ned trappa frå hovudinngangen
Heidi Rødstøl skal ha kunstworkshop med dei påmeldte kunstnarane til årets fylkesfestival – men ho har og laga ekstra plass til deg som synes kunst kanskje er litt spennende. Kunstnar på fylkesfestivalen?? (ukm.no)
Heidi Rødstøl (f. 1973) er biletkunstnar, konsulent og kurator basert på Åfarnes i Møre og Romsdal. Rødstøl har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen. avdeling kunstakademiet. I den kunstnarlege praksisen sin interesserer Rødstøl seg for rom, og korleis relasjonar i rommet vert sansa og fortolka. Dette har resultert i ulike seriar av arbeid der ho utforskar og undersøkjer spesifikke situasjonar gjennom tredimensjonale teikningar, måleri, installasjonar og foto. Rødstøl har hatt ei rekkje oppdrag som kunstfagleg prosjektleiar for kunst i offentlege rom. Ho har vore knytt til Kunstfagskulen i Ålesund, der ho mellom anna har undervist i 3D og romleg kunst.

