Er du kunstnar, påmeldt som arrangør eller media, eller skal framføre noko på scena?

Viktig info til deltakarane‼

Dette må du huske!

Du har ansvar for å møte opp til rett stad, til rett tid. Det vil sei: du må sjølv passe på å møte til lydprøve, forestilling, workshop eller andre avtalar. All oversikt over når du skal møte opp, vil vere på tilgjengeleg på heimesida til arrangementet, eller via QR-kode rundt om på festivalen.

Gå på workshops når du har ledig tid! Spør gjerne UFA om du lurer på noko ?

Kunst ?
Alle som er påmeldt med kunstinnslag har faste workshops saman med Heidi Rødstøl. Oversikt over dette finn du her: Kunstnar på fylkesfestivalen?? (ukm.no)

Media ??
Alle som er påmeldt med media (foto, journalist etc..) har fast mentor – Martin Giskegjerde. Han vil vere tilstades og hjelpe deg med det du måtte lure på. Det er viktig at du som er påmeldt UKM Media tek med deg det utstyret du vanlegvis brukar i forbindelse med UKM – for eksempel kamera, PC, minnekort og liknande..

Media får ansvar for å publisere bilder og intervju i løpet av festivalen.

Scene ?
Dei som er påmeldt som ung arrangør eller med innslag på scena må møte opp til lydprøve og forestilling. Det betyr at når du kjem til festivalen må du finne namnet ditt på forestillingslista. Forestillingslista heng på veggen + blir tilgjengeleg på nett her: lenke blir publisert måndag 9.oktober