Kunstnar på fylkesfestivalen??

Dette må du som kunstdeltakar vite på førehand‼

Dette må du som kunstdeltakar vite‼

  • Du kan ikkje ta med deg all kunsten du har laga gjennom karriera di.. Vi har berre plass til det du er påmeldt med, og det er maks 4 objekt (ting) per kunstnar.
  • Du MÅ ramme inne teikningar / maleri – eller lage klart ferdig oppheng på lerretet ditt slik kunsten kan hengast opp på veggen. Dette må gjerast før du kjem til fylkesfestivalen.
  • Har du digital kunst? Då må du ta med deg ein iPad eller eit nettbrett som du kan vise fram kunsten din på. Vi kan vise fram kunsten på storskjermen under forestillingane.
  • Ta gjerne med tøy som du kan ha workshop i, og ikkje er redd for å rote litt på.
  • Workshopen for kunstnarane ser slik ut:
    • tirsdag 09:00 – 11:30 – ALLE påmeldte kunstnarar
    • tirsdag 14:30 – 17:00 – Hege, Ask, Ine, Johanna, Mille, Elina
    • onsdag 09:00 – 11:30 – Martyna, Ludvik, Isa, Tira, Sofie
    • onsdag 14:30 – 17:00 – Emma, Fredrik, Lineah, Serine, Tuva
    • torsdag 09:30 – 11:30 – kunstutstilling for alle

Vi ønsker å vise fram kunsten din på storskjermen under forestillingane.
Ta gjerne bilde av kunsten din i forkant, og send dokumentasjon i JPG format (bilde). Dette kan sendast direkte til Heidi Rødstøl: heidi.rodstol@mrfylke.no

Heidi har gitt instruksar for korleis ta eit godt bilde:

  • Finn ein stad med nøytral bakgrunn. Rydd unna alt du ikkje vil ha med på bildet.  
  • Pass på at du fotograferar bildet rett forfra slik at kantane blir mest mogleg rette. 
  • Bruk gjerne naturlig lys og unngå å bruke blits. 
  • Ta gjerne fleire bilder slik at du har fleire å velge mellom. 
  • Dersom du skal ta bilde av ein skulptur eller tredimensjonale verk: 
    • Finn eit nøytralt underlag og ein nøytral bakgrunn.  
    • Pass på at du ikkje får med andre ting som stjel oppmerksomheita i bildet.