Ordensreglar på fylkesfestivalen
Viktig?

6. okt 2023
Ordensreglar har vi for at alle skal ha det bra?
- Stille frå kl. 00 ?
Det skal vere ro i teltcampen frå kl. 00:00.
Søvn er kjedelig, men viktig, og dagane startar tidleg. - Møt opp når du skal ⌚️
Alle må møte presis til prøver, forestillingar og workshops. - Ingen rusmidlar ❌
Bruk av rusmidlar er forbode, og medfører heimreise for eiga rekning. - Mobilen skal ladast på dagtid, ved ladesonene utanfor storsalen ?
Lading i teltet er forbudt grunna brannfare. - Ver god mot andre ❤️
Respekt, toleranse og mangfold skal prege festivalen. Det skal vere rom for ulike meiningar, livssyn og veremåtar, og alle skal føle seg trygge.
Meld frå kvar du går!
– Dersom du skal ein tur på butikken (Spar Fosnavåg) må du gi beskjed til reiseleiaren frå kommunen din at du går – ingen forlater festivalområdet utan å gi beskjed til ein vaksen. Gå gjerne saman med nokon andre når du først er ute på tur.
Ha på lyd på telefonen din på dagtid, i tilfelle nokon forsøker å få tak i deg!
