Ung Kultur Møtast – UKM 5.mars
Hurra! Det blir UKM i år! I operahuset på Nordfjordeid søndag 5.mars. Påmeldingsfrist 26.

Hurra! Det blir UKM i år! I operahuset på Nordfjordeid søndag 5.mars. Påmeldingsfrist 26.februar
Ein kan melde seg på både med innslag til utstilling og på scene, som konferansier og /eller arrangør.
Aldersgrense er som før: 10 år – 20 år.
Alle over 13 år kan bli vurdert til å delta på fylkesfestivalen.
(Det er eit fagpanel som veljer ut eit variert bidrag som skal representere kommunen.)
Aldersgrensa gjeld det året du fyller år. (10 år =4 klasse)
Ein kan delta i grupper med andre. Og då kan ein ha med deltakarar som er over eller under aldersgrensa so lenge 50 % er innafor .
Du kan melde deg på med alt mulig av kunst og kulturuttrykk. Og du kan delta på fleire innslag om du vil det. Har du laga nok av lego, strikk, kledesign, teikning, tatt eit fint bilde, skrevet eit fint dikt eller novelle, laga ein film eller vil delta på scena med stand up, dans, teater, song og musikk eller anna? Kanskje vere scenearbeidar eller jobbe med media, arrangør og UKM hjelpar eller leie heile UKM showet som konferansier? Alt er mulig på UKM. 🙂
Ta kontakt om ein har spørsmål.
