Hei, alle deltakarar!
I denne posten kjem det ein del praktisk informasjon om overnatting, mat, aktivitetar og workshops. Programmet for framsyningar og kunstutstilling kjem så snart det er på plass.

Det nærmar seg fylkesfestival for UKM Vestland på Fitjar – og vi er i full gang med planlegging av festivalen.

Arena
Festivalen har base på Fitjar kultur- og idrettsbygg som ligg midt i Fijar sentrum med adresse: Havnavegen, 5419 Fitjar. Dei sceniske framsyningane vert på Hovedscena, kunstutstillinga vert i Foajéen og dei aller fleste aktivitetar og workshops føregår inne på kulturhuset. Dersom aktivitetar føregår andre stadar vil du få beskjed ved påmelding. Du kan også spørre i sekretariatet om kor du skal møte opp.
Overnatting
Alle deltakarar overnattar på Fitjar Vidaregåande Skule. Fitjar VGS ligg rett over vegen frå Fitjar kultur- og idrettsbygg. Kommunane får tildelt klasserom slik at du overnattar med dei andre deltakarane frå di kommune og reiseleiaren din. Hugs å ta med liggeunderlag og sovepose. Det er god tilgong på garderobe og dusj i idrettshallen på kulturhuset. På skulen er det klare reglar for stille og lys av. På klasserom skal det vere ro mellom 23.00 – 07.00. Lading av mobiltelefonar, PC-ar, nettbrett o.l. er forbode mellom 23:00 – 07:00. Om behov kan du lade ved sekretariatet (hovudinngang). Det blir nattevakter på skulen som sørger for at ingen utanfrå kan komme inn. Ha derfor alltid på deg festivalbandet som blir utdelt ved registrering ved ankomst. Alle deltakarar skal vere inne på skulen mellom 00.00 og 07.00.
Alkohol og andre rusmiddel Det er nulltoleranse for bruk av alkohol og andre rusmiddel på arrangementet. Bruk av alkohol eller andre rusmiddel fører til heimsending på eiga rekning.
Mat: Alle måltid vert servert i kantina på Fitjar VGS.
Sosiale media:
Følg med på instagram: ukm_vestland_fylkesfestivalsor, snapchat: ukmvestland eller Facebook event: UKM Vestland fylkesfestival 2023 Fitjar kultur- og idrettsbygg
Husband
Vi har eit husband med profesjonelle musikarar som kan spele med alle som treng det. Dette melder kontaktperson i kommunen inn via arrangørsystemet. Vi ønskjer at alle som har playback sender anten lenke til sin versjon av låten, lydfil, eller notar slik at bandet kan øve det inn. Det blir sett av tid til øving med husband slik at de er klare til konsert.
Lyd- og filmfiler
Dei som skal ha lydfiler på sitt innslag (m.a. dans) må sende oss lydfiler av god lydkvalitet slik at teknisk personell har dette klart til show og prøver. Det samme gjeld for dei som skal vise fram film. Lyd- og filmfiler sendast til ingrid@brilliancelive.no.
Kunst
Skal du vise fram kunst på kunstutstillina må du hugse å anten ta med kunsten til Fitjar sjølv eller avtale med kommunekontakten din om levering til fylkeskommunen. Send mail til ingrid@brilliancelive.no med mål og ca. vekt på verka, så vi kan planlegge passande oppheng. Tenk også gjerne over kva verka betyr for deg til seinare intervju o.l. på festivalen!
Aktivitetar
Workshops: I tillegg til tekniske prøver, øvingar med husband og tilrettelegging av kunstutstilling, blir det aktivitetar og workshops gjennom heile helga. På festivalen blir det følgjande workshops:
1) Introduksjon til musikkbransjen med Brak, 2) Å bli trygg på scena med Seda Witt og Ingeborg Larsen, 3) Grafitti med Trine Sejrup, 4) Dans med Charlie Estrada, 5) Låtskriving med Edvard Tronstad, 6) Konsertforto med Truls Lerø, og 7) Konferansier-workshop med Tyra Fosheim Eide.
Vi sender ut oversikt, meir informasjon og påmeldingsskjema ganske snart. Her er det først til mølla prinsippet som gjeld.
Vernissage: Det blir vernissage når kunstutstillinga opnar laurdag kl. 14.00. Kom til Foajéen og sjå all kunsten som er laga av deltakarane!
Framsyningar: Det blir 3 framsyningar med innslag frå deltakarane på festivalen. Laurdag kl. 15:15, laurdag kl. 19:15 og søndag kl. 13.30.
Jamsession: Etter programslutt fredag og laurdag blir det rigga til jamsession i Kantina.
Sosiale aktivitetar: Ved ankomst blir det arrangert bli-kjent leikar for alle deltakarane. Fredag kveld arrangerast det felles rebusløp. Seinare på kvelden blir det mogleg å velje mellom aktivitetar som «grab the mic», quiz, mafia og kanonball. Det er også eit brettspelrom tilgjengeleg for alle deltakarane.
Laurdag kveld blir det rave med neonmaling for dei som vil danse ut siste kvelden. Det blir også arrangert bingo for dei som vil ta det meir roleg og brettspelrommet er også tilgjengeleg.
Helsing oss i Brilliance Live, Olav Brekke, Haavard Monsen og Ingrid Døssland
Vi gler oss til fylkesfestivalen UKM Vestland!